tirsdag 1. juli 2008

Fjellrangling og lyse sinn



Poenga tikka inn på blide fjellranglarar i dag

Med Peter på fotballskulen i Holmedal, gjekk turen i dag tidleg på fjelltrimposten på Skålefjellet. Turpartner Vigdis sine går òg der, så ho tok fri frå heimlege sysler og vart med òg. Kjekt med selskap av ivrig poengsankar. Vi gjekk opp den vanlege ruta i Gjerdedalen. God temperatur å gå i. Ovanfor elva bles det litt meir, men ikkje verre enn at ei joggebukse og ei lett trøye var nok. Greitt å kunne byte i ei tørr på toppen.

Det er ikkje så lenge gjort med turen opp på Skålefjellet lenger. Går fint på to timar opp og ned utan pause. Herleg å kjenne at ein kan gje på, utan å måtte slite på ein slik tur no.

Etter at vi kom oss fint ned igjen, tok eg turen til Askvoll og gjekk framsida på Fristadfjellet. Eg hadde rekna ut at det gjekk, før eg måtte hente ungane igjen i Holmedal og måtte nedover likevel. Det gjekk friskt føre seg på direkten opp etter Skålefjellet.... Og ned igjen sprang eg heile vegen til bilen. Det formeleg bobla i blodet. Herleg nytelse!

Men det vart faktisk rom for tur på Kvamsnipa òg i kveld. Reine racet dette her... Og Vigdis tok laust igjen nede i Straumen. Tvilar på at fartsgrensa var helden heile vegen oppover... No er vi visst to som er like gale på fjelltrimmen.. Dei galne har det godt, seiest det... Og poenga tikkar inn...

Turen opp på Kvamsnipa frå Skjerlia går fort. Det er berre å putte på nokre kroner på dama, så har ho prata oss opp og ned før vi får sukk for oss..

Kjempeflott dag! Og no kjem sommaren med høge temperataurar visst. Ikkje dermed sagt at det er nokon fordel for fjellranglinga. Eg likar mykje betre å gå i temperaturar som i dag, i staden for kvelande varme. Då er medisinen å komme seg opp i høgda før det blir for varmt. Tidleg opp - det passar meg bra..! Blegja på torsdag...?

Ingen kommentarer: