mandag 2. juni 2008

Smil til livet


MMS frå Svarthamrane rett sørvest av Skålefjellet i kveld

Nydeleg kveldstur på Skålefjellet i kveld. Måtte berre opp å nyte den varme kveldssola når skuggane fall på nede i bygda. Det er ein spesiell følelse å sjå sola frå toppen når den nesten står heilt i nord.

Litt artig å tenke på turane før nyttår når eg aldeles heldt på å fryse hinmannen på meg her. I rennefokk og kuling. Og sikt nesten lik null. Det er så ein ikkje skulle tru det er same plassen og same landet når eg no kan sitte her nesten naken i den varme kveldssola. Men ein ting skal vinteren ha - ein slepp iallefall myriadane av dei fordømte flugene som aldeles held på å ta livet av ein no! Ikkje er det hjelp i å smile til dei sveittesugande vesena heller... Blir ikkje meir vennlegstilte for det... Er det noko ein kan smørje seg inn med?

Skålefjellet 020608

Ingen kommentarer: