mandag 23. juni 2008

Skoddevind


Vigdis rettar på kleda på toppen av Skålefjellet i dag (MMS)

Det var tid for å teste vardane på Skålefjellet. Har som tidlegare nemnt brukt litt tid på å sette opp vardar frå toppen og ned i den merka stien. Nettopp for å takle slike forhold som i dag.

Men det var egentleg Vigdis som var mest gira på å gå. Eg sat så godt og trygt i sofaen heime, og såg opp i skoddeheimen der oppe. Krydra i vassrett regn. Kanskje litt utfordrande på Skålefjellet i dag? Iallefall frå sofakroken. Ja, eg var faktisk inne på tanken om å fyre i omnen. Haustleg jonsok, hadde nær sagt som vanleg.

Det kvinnelege innslaget i tur-duoen kom ho. Presis! (Eg likar folk som eg slepp å vente på - har du sagt eit tidspunkt har du sagt eit. Dei som kjenner meg veit at eg helst likar å vere litt før avtalte tider...). Frisk og opplagd! (Eg blir opplagd av folk som er opplagde. Eg blir blid av folk som er blide. Det verste eg veit er å gå på tur med folk som er negative, sytande. Det er nedbrytande!) Vi gjekk opp den vanlege vegen frå den gamle fotballbana i Stongfjorden og opp Gjerdedalen. Vått, men for det meste opplett. Livleg prat. Gode ord.

Som tenkt traff vi på skodda over hammaren ved første elva. Her er det berre å følgje den ganske bratte bakken på sørsida opp, før ein kryssar elva oppe ved første toppen. Det er frå dette punktet eg har sett opp vardane ganske nær kvarandre og til topps. Ingen problem oppover. Men så er det lett å vite kvar dei står når ein sjølv har sett dei opp. Så turen opp gjekk som fot i hose. Utan problem i det heile, sjølv om sikta var dårleg i den ganske tjukke skodda. Noko potensiale for forbetringar er det sjølvsagt. Du ser det best under reelle forhold.

På toppen var det nesten inga sikt. Og med kald vind og lett nedbør i lufta, vart opphaldet kort. Turen nedatt gjekk sjølvsagt òg fint. Vardane gjorde si nytte. Og fleire plassar er det no sti i lyng og gras. Eit ræva-fall nede ved dei glatta berga i elva, og eit par småtryningar i ormegras, er vel ikkje stort å nemne. Men trur neppe det er dameselskapet som er den utløysande faktoren. Erfarne 50-åringar let seg vel ikkje påvirke av slikt? Nei, kanskje det er alderen? Vigdis har foreslått gåstol..

Ahhh - det er så godt å komme seg til fjells i sommarregnet. Litt kald væte i panneluggen, er som reine vitamin-innsprøytinga å rekne. Det er jo galskap og ikkje komme seg ut.

Ingen kommentarer: