onsdag 11. juni 2008

Skiftande lys


Trolsk stemning på Skålefjellet i kveld (MMS

Olaug var i Dale å vaska ned hybelen til Maria og Ida ilag med Liv i går. Eg følgde Peter på fotballtrening. Sidan hadde gutta boys full kontroll over fjernkontrollen. Vi tok ein liten gledesdans då Zlatan scora for Sverige. For vi heiar på naboane i aust vi. Peter heiar sjølvsagt på Ronaldo og Portugal òg.

I dag reiste fruen på klubb-treff i Høyanger. Men Marie kom heim frå Dale. Ho flytta delvis inn igjen på jenterommet sitt (grøvste lasset er køyrt opp på ein ny hybel på Dingemoane - ikkje langt frå skulen). Peter vart med på vaske/flytte-leiken. Då var far sjølv i huset ikkje sein om å utnytte situasjonen. Og alle var visst happy med at eg gjekk på Skålefjellet.

Det var litt småregn i lufta opp Gjerdedalen. Lenger oppe letta det, men då fekk vinden betre tak. Ganske kaldt på toppen i nordavinden. Låge skyer og skodda kom og gjekk. Sola stakk òg gjennom til sine tider. Det var rett og slett mykje lys om eg kan seie det på den måten. Eg tok ein del bilder med mobilen som viser litt av dei spektakulære lystilhøva.

Så godt kjend som eg er oppe i traktene kvir eg meg sjølvsagt ikkje for å gå i dårleg vèr og skodde. Det er likevel alltid greitt å ha vardar å gå etter under dårlege tilhøve. Og så er det sjølvsagt mange som ikkje er så godt kjende som tykkjer det er tryggare å ha noko fast å halde seg til når skodda kjem. Om sommaren sig den veldig fort på frå vest her ute ved kysten.

Eg tok meg difor ein omgang med varding oppe ved toppen og nedover på denne "nye" løypa (den som går om Skålefjellsvatnet har eg vore med på og sett opp vardar på før). Det gjenstår litt nede i bakkane. Men her er det ikkje så utsett, og vegen ned ved elva seier seg mykje sjølv. Eg skal likevel sette opp nokre vardar her òg neste gong eg går opp.


Skålefjellet 110608_mms

Ingen kommentarer: