fredag 13. juni 2008

Om å lure seg sjølv



Eg laga meg eit nytt hus oppe under toppen på Skålefjellet i kveld (hella på toppen er stor!) Men det var visst ikkje alle som var like imponert over kva eg kunne tilby.

Då står vardane tett på Skålefjellet. Eg gjekk opp og fiksa resten i stad. No skal det gå greitt å finne vegen sjølv i tjukk skodde.

Eg skjønte ingen ting på toppen. For brått høyrer eg nokon ropar "Hallo, hallo". Eg ser rundt meg i alle himmelretningar, men får ikkje auge på nokon. Men kva svarte, eg høyrde jo nokon. Eg var begynt å lure på meg sjølv. Kunne det vere magen som rumla? Men så begynte det igjen, "Hallo", eg var totalt forvirra før eg til slutt skjønte samanhengen - det kom frå lomma og ikkje magen. Mobilen hadde slått seg på og ringde einkvan - eg var rimeleg kjapp med å slå den av! Snakk om å lure seg sjølv!

Det vart ein fin kveld. Bra temperatur og vindstille. Alltid like kjekt å sitte på toppen og skue ut over bygda.

Ingen kommentarer: