torsdag 5. juni 2008

Myriade av fluger


Mot aust frå Kvamsnipa i kveld

Mot vest frå Skålefjellet i kveld

Det vart likegodt to fjell etter arbeid i dag sidan det ikkje vart noko i går. Olaug var på møte og Peter og eg var sjefar heime. Då vart det fotball, ostebollar og pepsi i sofakroken. Men i dag var ikkje gamlefar til å stogge. Så det vart ein svipptur opp i Skjerlia og nordbakkane opp på Kvamsnipa. Enkelt og greitt.

Då eg så kom heim i 19.30 tida (hadde seinvakt til 17. i dag) låg det lappe om at Olaug og Peter og nokre andre var på Skylefjellet. Då tok eg like godt av igjen og opp på Skålefjellet òg. Litt crazy.
Men eg får liksom behov for meir og lengre turar etter kvart. Kan vel ha noko med formen å gjere.

Det er eit flugeinferno opp Gjerdedalen no. Fullstendig maniac. Angripen av enorme svermar. Ikkje mindre enn tre fluger greidde eg å svelgje opp i dag. No er det ikkje akkurat spyfluger det er snakk om dette. Men eg kom til å lure på kva det ordet kjem av. For det var bokstaveleg tala fluger eg spydde oppe i bakkane. Forferdeleg følelse kravlinga nede i halsen etterpå at dei har gått ned.

Fint på toppen i kveldssola. Varmt i berre shortsen. Artig å sitte der i solnedgongen og sjå ned att i bygda der skuggane allereie var komne. Sola går ned over ein god dag. Ei roleg kveldskjensle. Som Jakoben seier: "Takk for det fine vèret høgt oppe i himmelen..."

Ingen kommentarer: