onsdag 25. juni 2008

Midtsommarsfesten





Vi hadde tradisjonell bålbrenning i Stangsfjæra i går. Ein dag på etterskot pga. vèret. Det vart ganske fint trass i kald vind, spesielt når sola forsvann bak skyene. Vanleg svidde pølser, ungane leika og dei vaksne drøsa. Bålet var i år av det mektige slaget.

Etter dette forsvann eg på Driveknolten. Poengsankar i heim og fjell, Vigdis, vart sanneleg med igjen. Poenga på heimebane var i boks, no stod nye for tur på fjellet. Merkeleg kor energi denne fjellranglinga gjev for enkelte...på heimebane òg...

Eg har funne ut at bloggen er vel så viktig som støvet borte i krokane. Faktisk er det ein del folk som er einige med meg. Det gjeld å prioritere rett her i livet. Positivt fokus er eit uttrykk eg har teke til meg siste dagane - det surrar stadig i bakhovudet. Men the big question is om mitt fokus på fjellvandring er like positivt for omgjevnadene. Vel, no er det iallefall ferie...

Litt annleis å gå inn på fjellet i går kveld så seint. Og veldig spesielt at sola stod nesten i nord når vi gjekk innover Heileberget. Det gav terrenget ei heilt ny lyssetting. Rolegare. Skuggane lengre. Lakka og lei mot kveld. Fantastisk. Det er som alt blir dempa, stemmer blir kviskrande av seg sjølv, og du kjem tett på alt rundt deg. Til og med harepusen inne på fjellet stoppa opp og kikka nyfiken rundt seg. Det er noko religiøst over å gå høgt til fjells i solnedgongen midtsommars.

Vi sat ei stund inne på toppen og fekk med oss det fantastiske skue i alle himmelretningar. Vakkert. Så uendeleg vakkert. Takksam. Takksame for å kunne vere del av den praktfulle naturen rundt oss. Så tett på livet som vi ein gong er så heldige å få vere ein del av. Det var ei høgtid. Midtsommar!

Vi fekk ein nydeleg kveldshimmel heim igjen. Mot vest. Med litt skyer på himmelen skapte sola og strålane dramatiske vendingar i lyssamansetnaden. Frå mørke til lys, og alt midt i mellom. Ein lysorgie bada landskapen. Og tett på, tett på, varsame, gjekk vi ut att i dette livets høgdepunkt. Eg var salig. Eg var strålande. Og Vigdis skein. Som sola. Eg var del av eit overnaturleg rike, mitt, Vigdis`... Så tett på livet. Kjærleik til livet. Sannheten om livet...

Eg sa farvel og takk for turen til Vigdis på parkeringsplassen i Rivedal. Det var endå strålar over nordvest-himmelen når eg kom heim i Stongfjorden. Og den raude kveldshimmelen i nord bada Skålefjellet i raudt. Der låg eg, nydusja i senga og kunne drøyme meg vekk. Takk du liv - takk for midtsommarsdagen...


Driveknolten 240608

Jonsokfeiring 240608

Ingen kommentarer: