søndag 15. juni 2008

Mi kjære


Mot Likkjehesten og Storehesten frå toppen av Blegja i dag

Det er idyllisk frå oppstigninga under Rørviknipa

Eg hadde forsåvidt slått frå meg tanken på nokon lengre tur i går kveld då eg gjekk til sengs. Var litt trøytt etter dei tre toppane i går, samtidig kjende eg litt for mykje til kneet... Men forholda heime i dag tidleg i 06.30 tida fekk meg på andre tankar. Fjorden låg spegelblank i det tidlege blå morgonlyset og det var ikkje ei sky på himmelen. Kne fekk vere kne. Her var det berre å pakke sekken sidan eg hadde fått søndagen fri frå heimlege sysler.

Eg var på plass i Rørvika litt etter klokka 08. Når sola står så høgt på himmelen som no kjem sollyset inn i Rørvika nesten frå nordaust. Det var difor sol nesten heile vegen oppover. Den tidlege morgonstunda opp hit i sol med blå fjord og himmel er alltid spesiell for meg. Det går aldri ein tur opp hit utan at den tragiske hendinga eg hamna midt opp i for nokre år sidan kjem meg i hug. Eg stoggar alltid opp ved plassen ungdommen frå Askvoll døydde.

Det er særs idyllisk med den nydelege Rørvikelva som fossar ned med smeltevatn i alt det grøne. Ei vandring opp hit no, er som å gå gjennom fleire årstider.

Det blir fort varmt mot Nipebua (ikkje Nipebu!). Sveitten silar i den stille morgonlufta. Eg gjorde som sist eg var opp, pakka fjellstøvlane i sekken og gjekk opp med anmarsjskoa til hytta. For dei som ikkje er særskild kjende, er det bratt og tungt opp frå fjorden. Ein kan seie at det er 1305 meter rett opp frå havet til toppen av Blegja. Det er vel ikkje så unaturleg at det går litt lettare utan tunge fjellstøvlar då.

Oppe ved hytta var det difor skobyte og skjortebyte, før eg tok til på den neste bratta opp under Rørviknipa. Snøen var frosen til skare i løpet av natta. Den var fin å ta seg fram på. Men mesteparten av snøen var vekke sidan eg sist var oppe 24.mai (og 10.mai). Det vart kaldt i berre shortsen då sola forsvann bak Rørviknipa. Ei kald avrivning! Men sola fekk eg igjen på sørsida ved Nipevatnet. Her duppa snøen i vatnet. Som isfjell. Idyllisk med blått vatn, blå himmel og den kvite Likkjeblegja 1113 moh i bakgrunnen.

Det låg lite snø igjen opp ura. Det brattaste partiet var snøfritt. Det er ganske tungt opp her frå. Både fordi sola står rett på, og fordi det som regel er vindstille. All steinen har eit lag til å dra til seg varmen frå sola òg. Ein skal alltid vere obs her oppe. Iallefall hvis ein er fleire som går i lag. Steinen "lever"! Det er veldig laust. Store blokker kan sigle for eit godt ord. I dag var det ganske ille. Det virka som mykje av steinen ikkje hadde sett seg, på ein måte, etter vinteren. Eg sklei fleire gonger på stein og blokker nedover.... Det er jo folk som har omkomme av slike siglande blokker, utløyst frå andre framfor. Sånn sett er det greitt å gå åleine utan nokon bak seg. Men å halde avstand er påkreve når ein går fleire i lag.

Sjølve kanten opp på platået gjekk ganske greitt. Eg drog meg opp og over med stavane... Det var lite snø igjen, men den som låg var nesten som is. Sola får ikkje tak på nord/nordvest sida før langt ut på dagen.

Eg vart ganske overraska oppe på platået. Snøfritt mange plassar. Og rundt varden var det heilt fritt for snø. Utruleg kor fort fleire meter med snø forsvinn når smeltinga først set i gang. Eg såg jo berre toppsteinen sist eg var oppe (sjekk høgda på varden på bildene).

Eg sat ei stund ved varden og nytte utsikta i himmelretnigane. Det var nesten heilt vindstilt i solsteiken. Tok nokre bilder, ein videosnutt og eit par slurkar med saft, før det bar ned igjen same vegen.

Eg valde mest mogeleg snøveg. Det gjekk som det susa på fjellskoa. Dette måtte jo vere mini-miniski! Utruleg artig. Eit par rundkast inkludert...

Nede ved hytta tok eg nokre minuttars pause og pakka ned diverse etterlatenskapar frå vegen opp. Småflugene var til dei grader plagsomme her at det berre var å komme seg til fjords igjen. I bakkane nedom hytta traff eg på åtte stykke frå Helselaget i Kvammen m.a. Sigrid G. Dei var på tur til Bjønnastien (det passar jo bra no om dagen...:-)) Laget er veldig aktive ser det ut for. Dei var på Skylefjellet hi helga.

Resten av turen til fjorden medførte eit stk. blodig kne og ein broten gåstav rett over trinsa (bra det ikkje er føtene då...). Vi får ta ein telefon i morgon og sjå om ikkje det går an å få tak i nederste delen. Stavane var både nye og dyre....

Det er ei fantastisk oppleving å gå på Blegja slike dagar. Turen har alt du kan forlange. Men som med mange andre kjære kan dei vere både utfordrande og harde å takle av og til. Likar du ikkje den steinharde vegen, må du difor velgje andre mål.

Blegja 150608

Blegja 150608 video

Ingen kommentarer: