mandag 9. juni 2008

Kjølig kjølig regn

la det regne over meg.....



Vått og godt på Skålefjellet i ettermiddag

Det vart som ein ny vår. Ein ny vår etter regnet. Det var som om planter og tre pusta letta ut. Dei "kosa" seg. Eg kjende det på lukta oppe i Gjerdedalen. Lukta av vått gras, våt bjørk, våt mose. Det anga av groe. Lettelse og oppvakning.

Og lufta, den var òg lettare. Til å puste i. Ikkje den kjøvande, stilleståande, trykkjande som får det til å dunke i skallen. Borte var flugene. Ikkje ei einaste ei var igjen. Halleluja. Var dei avgått med døden? Eller ligg dei klare og ventar på sin neste periode?

Vel er det flott med varmt sommarvèr. Men var det ikkje nok no? Nok for ein vestlending? Var det ikkje litt som om folk òg tykte det var godt med regn no? Bøndene er nok av den oppfatning iallefall.

Ja, eg fekk regn på meg. Oppe i Gjerdedalen i stad. Det begynte med litt vått smådrev. Men gjekk meir og meir over til skikkeleg regn. Eg la hovudet bakover. Herleg. Herleg silande vatn. Kjøleg. Drypande på det sveitte ansiktet. Rennande ned i nakken. Aqua Velva.

Det bles ganske godt oppe på toppen. Skoddedottane fauk rundt hamrane og stupa på nordsida. Temperaturen var ikkje i nærleiken av i går og dei andre dagane. Eg vart valen på nevane, men hanskar hadde eg ikkje tenkt på... Opphaldet på toppen var difor av ganske kort lengde.

Ned att sila regnet. Eg var våt. Det var berre å halde god fart og komme seg heim att. Heim til den varme dusjen. Vatn nærast i pose og sekk. Kva skulle vi gjort utan vatn? Vi er heldige som har mykje vatn....

Ingen kommentarer: