søndag 1. juni 2008

Ein rundtur



"I did not just see the skyline of mountains but sensed a crest in my own life as well. Some of us are made that way, to take delight in the wilder, harder portions of the world, while the majority of our brothers prefer the softer charms or richer country fragrant with flowers and rippling brooks." So wrote CuChullaine O'Reilly about his first view of the Karakoram in his magical book Khyber Knights


Eg fekk Olaug med på eit lite stunt i dag. Eller det vil seie ho vart ikkje med, men eg trong transport. Som den snille frua ho er, gjekk ho med på opplegget mitt. Men ho sa klårt i frå at det vart ikkje slik kvar helg!

Eg vakna først 05.15, men fann ut at det var for tidleg å stå opp, sjølv for eit A-menneske. Brått var klokka 07.00! Då var det rett or senga for dagens porsjon med havregryn og banan. Eg pakka med meg kun ei rompetaske med eit par sokkar, ei tynn trøye, eit par skiver og litt saft. Elles gjekk eg i berre shortsen.

Klokka 08.00 var eg på plass i Skjerlia og gjekk opp på Kvamsnipa. Vèret var ganske skya. Men litt gløtt av lysare lag i skyene inn i mellom, gav von om at dagen kunne bli bra. Ein god halvtime seinare var eg komen opp på Kvamsnipa. Ein stille søndagsmorgon. Disig, og med nokre skoddedottar hist og pist.

Etter at eg kom ned att til bilen køyrde eg denne ned på plassen der du går til Nipebu. Det stod ingen bilar frå før. Så eg tok den DNT-merka stien oppover. Direkte til Markavatnet, Krokavatnet og opp under Fossedalshengenipa til Nipebu. Det var ganske blautt over myrane. Faktisk blautare enn eg trudde, så det måtte ha regna ein god del i natt. Eg vart fort våt på føtene, men det brydde eg meg lite om. Så varmt som det var, var det aldri snakk om å fryse. Det låg framleis nokre snøflekker nord om Fossedalshengenipa og opp skaret.

Ved ankomst Nipebu var det kun Vigdis L. igjen etter Barnas Turlag i Askvoll si helg her oppe. Det hadde visst vore ei livleg natt med lite søvn. Mange ungar og vaksne hadde vore samla. Eg tok meg ein liten rast på altanen, men vart ganske fort litt kald, for sola var ikkje trengt igjennom skydekket. Etter eit lite kvarter tok eg difor sørover gjennom skaret som Agnar har rydda og mot Driveknolten .

Det gjekk lett. Eg følte meg fin. Passerte aust om Atlevatnet og Svartetjønna, og tok til på den bratte fjellsida opp mot toppen. Tyngste delen er i grunn grasbakkane opp frå Svarttjønna til å begynne med. Bratt opp ca 2o minut. Det ligg elles nokre snøfonner på nordsida mot toppen. Men dei bratte svaberge er i grunn greie å gå opp. Bra med trassèar å følgje. I dag gjekk eg meir direkte på sjølve toppen. Brattaste leia...

Ved varden traff eg på Leif F. og Torunn. Dei hadde vore med Jakt og Fiskelaget på Vårdalsstølen for prøvefiske og vassprøvetaking i helga. Vi slo av ein liten prat. Dei tok vestover før meg. Dei var allereie i gong med å gå då eg kom. Eg sat ei stund og nytte utsikta. Tok nokre bilder og ein liten videosnutt. Nydeleg. Eg gjekk deretter vestover fjellet igjen mot Hundeheia, og ned skaret på sørsida som i går, og til Rivedal.

Olaug kom meg til unnsetning i Rivedal. Ho var på plass like etter meg. Planen min var å bli køyrd til Askvoll og ta med Fristadfjellet i same slengen. Olaug sa seg villig til å vente. Men trur du ikkje vi traff Magni nabo som skulle heim frå Askvoll. Då kunne eg ta bilen og Olaug følgje Magni heim. Supert.

Eg tok så opp Askdalen og opp framsida av Fristadfjellet. Her var det varmt. Sola var komen fram og stekte den bratte fjellsida. Sveitten sila. Dei fordømte flugene, som eg hadde vore fri før i dag, sverma i hopetal rundt meg og heldt aldeles på å tyne livet av meg. Irriterande. Eg stogga oppe i den bratte fjellsida og knytte skorna. Eg trudde aldeles eg skulle bli oppeten av beista. Eg kom meg opp på toppen. Her var det ligg meir trekk og noko betre, så udyra forsvann. Men eg kjende det no. I kroppen. Tunge bein. Og eg var så innemari tørst.

På toppen traff eg Arny og Leif G. som hadde gått opp normalruta. Vi fekk oss ein hyggjeleg prat, før eg sprang nedatt den vanleg vegen. Det er lettare ned her. Eg hadde ikkje ork til noko texas-opplegg nede i bratta igjen. Og så slepp ein dei fordømte einerkavane.

Det gjekk fint og lett ned att. Pausen på toppen gjorde godt. Nesten nede ved bilen igjen, var det litt vatn i elva som renn her. Eg saug til meg av Aqua Velva, Livgjevande vatn. Det viktigaste som finst. Kva skulle vi gjort utan vatn?

Opplegget mitt var fullendt. Mission completed! Kjempeflott. Det var ein utruleg tur på 7 timar. Men eg strekte strikken heime i dag - igjen! No sit eg å lurer på om eg hadde klart dei to siste toppane i Fjelltrimmen òg i same snuren. Med litt meir mat og drikke? Skålefjellet og Skylefjellet er jo heime...:-)
Skjerlia_Kvamsnipa_Nipebu_Driveknolten_Rivedal_Fristadfjellet 010608

video_1_010608

video_2

Ingen kommentarer: