torsdag 1. mai 2008

Topp 1.mai


Blomsterbeda nærast eksploderte siste dagane (og det gjorde sjølvsagt løvetanna òg...)

Eg hadde bestemt meg for å gå på Skålefjellet i dag. Ein gjeng frå Askvoll hadde visst tromma ihop til ein fellestur opp løypa i Gjerdedalen. Men eg ville heller gå over Keipane frå Osland og klippe litt einer her oppe. Eg nemnde det for Peter. Til å begynne med nekta han tvert å vere med. Men etter litt sommarferieprat som fekk han i betre lune, snudde han brått på flisa. Så det vart til at både han og Olaug slo følgje. Kjempekjekt! Eg racar jo mykje åleine, kanskje litt for mykje...

Vi køyrde opp på Osland i 09.30 tida og parkerte i botnen. Opp Brekka vart sjølvsagt Peter plaga med labbar som klødde. Han lanserte eit nytt uttrykk som eg lo godt av - han påsto han hadde stikkebusker i sokkane...:-) Etter at sokkane var ordna opp i, var det sjølvsagt tid for tissepause. Men slik er det berre når han er med. Turane må leggjast opp på katen sine premissar. Det blir ein annleis tur enn når eg går åleine.

Opp og utover Keipane tok søraustvinden ganske godt. Og sola var for det meste fråverande. Vi måtte fort fram med vindjakker og hovudplagg. Som eg tenkte i utgangspunktet, ville Peter like turen over Keipane. Ein kjem fort over tregrensa. Og bakkane er avløyste av berg og hamrar som er fine å springe på og klatre i. Turen opp gjekk difor som ein leik. Til og med den snøfylte og bratte traversen på sørsida mot toppen gjekk heilt fint, då han fekk halde pappa i handa. Så på toppen kom vi utan problem. Og katen var stolt som ein hane han....

Vi sat ei lita stund ved den eine av dei tre vardane. Gjengen som skulle gå frå Gjerdedalen såg vi ingen ting til. Vi returnerte ned igjen dalen på sørsida av Keipane, då snøen var fin og ganske fast å gå på.

Vi småsprang. Leika. Og fann ein foss og ei elv som gjekk under snøen. Turen ned til Botnastølsvatnet gjekk supert. Vi tok ei appelsin ved vatnet, før vi gjekk ned igjen i Oslandsbotnen. Veldig kjekk tur for oss alle.

Seinare på ettermiddagen tok eg meg ein tur opp på posten på Skylefjellet òg. Eg traff først Magni oppe i bakkane. Sidan Håvard og Miriam. Karen H. som var på veg opp, traff eg på returen. I tillegg hadde det vore fleire på toppen. Så litt folk var det på fjellet på denne sida av fjorden òg.. Fin og sveitt tur - igjen..:-)

Då kan vi vel seie at vi feira 1.mai i fjellets teikn i år. Heilt etter ånda til skribenten...:-)


Skålefjellet_Heime_Skylefjellet 010508

Ingen kommentarer: