søndag 4. mai 2008

Tøffe jenter og gutar


Vi var tre familiar og 14 stykke som samla oss ved grendahuset i dag kl 11 og ville gå på Skålefjellet. Vi var Dag Tore, Anita, Line, Julie og Kristine. Vidare Vigdis, Arild, Espen og Sander. Og Olaug, Peter, Sander og meg. Inger slo òg følgje.

Vi gjekk opp utsida av elva i Gjerdedalen og gjennom granskogen. Vi kryssa deretter elva nedom ospeskogen og følgde den t-merka løypa opp til første elva. Her hadde Dag Tore og Anita funne ei ny skår som dei tidlegare har nytta opp over fossen. Med ein viss justis gjekk det heilt fint å få ungane opp over hammaren. Ruta vidare opp låg litt lenger nord enn den vanleg stien om Skålefjellsvatnet. Det låg ein del snø i bakkane oppover. Men nesten heile vegen kunne ein velje stein, bakkar og hamrar som var snøfrie å gå på. Fritt val.

Turen opp gjekk heilt greitt i ungane sitt tempo. Det blir jo litt i rykk og napp når ein har med seg 6 ungar under 8 år! Men det er berre å legge opp både tempo og pausar etter det. Nyttar ikkje å stresse. Og egentleg er det godt gjort å nå toppen alle i hop. Det er trass alt 767 meter rett opp med start frå null... Utruleg spreke ungar vil eg seie.

Det var fint å sitte på toppen i dag. Ei lite skylag låg rett nok framfor sola, men det var blikkstilt og bra temperatur. Godsakene i sekkane kom raskt fram og vi storkosa oss. Eg tok nokre av ungane fram på nordkanten og viste dei at her var det lukst i Stongstølsvatnet 500 meter lenger nede. Ungane leika, men såg ut til å passe seg etter dette. Så vi vaksne fekk oss ein godt prat med velfortent kaffi og mat. Vi sat såleis ei god stund med den flotte utsikta i alle himmelretningar.

Vi valde å gå same ruta nedatt. Snøbakkane var jo den sjølvsagde leikeplass for ungane. Bakkane gjekk fort unna med sigling, rulling og stuping i den vårblaute snøen... Herleg kor ungane kosa seg... Turen nedatt gjekk difor som ein leik. Vi tok oss ein siste rast i ospeskogen på den falne, gamle kjempa som ligg der (i treet der eg tidlegare hadde gleda av å studere flaggspett).

Veldig flott, kjekk og vellukka tur for alle. Ein kjempedag! No fann visst Dag Tore og Peter ut i lag at han hadde 100 poeng på fjelltrimmen etter turen idag. Ved middagsbordet litt seinare sat difor katen og ramsa opp alle toppane han ville gå på framover. Han skulle iallefall ha 400 poeng...:-)

Takk for dagen og turen folkens. Det er vel framleis nokre ungar som manglar Driveknolten i fjelltrimmen...:-)

Familietur_Skålefjellet_040508

Ingen kommentarer: