søndag 11. mai 2008

Støle føter




Kjende motiv frå Skylefjellet i dag tidleg...:-)

Eg tok meg ein tur opp på posten i føremiddag for å få syra ut av føtene etter turen i går. Trudde ikkje det skulle sitte noko igjen, men der tok eg feil. Var faktisk støl som ein gammal kall òg i dag tidleg. Det tok ikkje så lang tid opp gjennom bakkane før eg kjende føtene vart lettare. Og di lenger eg kom oppover di lettare gjekk det. No i ettermiddag kjenner eg ingenting.

Vi har hatt Håvard og Miriam til middag her i dag. Tora hadde vi hjå oss i natt. Ei ny erfaring å ha ein baby i senga igjen. Litt uvande lydar på soverommet. Veldig moro då vi alle var spill vakne i dag tidleg og Tora ikkje visste heilt kor ho var!
Peter var i tillegg på liggebesøk hjå Markus. Det vart difor ei ganske annleis natt her i natt.

Kva kvelden bringer får vi sjå. Kanskje ein skal ta det litt med ro til ein forandring...

Ingen kommentarer: