onsdag 14. mai 2008

Nye oppdagingar



Etter at det passerte ein kaldfront i ettermiddag og temperaturen sokk med 6-7 grader, seig det på tjukk havskodde i fjellet. Det var difor liten tvil om at i dag vart det pause frå all fjellrangling. Kanskje like greitt både for familie og eigne bein!

Eg vart likevel sitjande å sjå på nokre bilder frå dei siste dagane. I tillegg til litt lokale kart.

Dagens bilde er teke frå omlag toppen av Kvamsnipa i Skjerlia, frå nordaustkanten av Norddalen. Eg må innrømme at eg aldri hadde vore her før hin dagen. Og området frå Kvamsnipa til Indrevågefjellet har eg heller ikkje trakka. Ikkje så veldig lange biten då, men likevel. Men i følge bilde og kart, ser landskapet mot Middagsnipa og Indrevågefjellet veldig flott og lettgådd ut. Eit klart turalternativ aust/vest nord om Norddalen. Eg skal difor gå heile området snarast når eg går på fjelltrimposten på Kvamsnipa. Kjekt å få litt meir ut av desse postane enn rett opp og ned same vegen. Det er ikkje alltid like nøye om at det er ein del lenger...

Men tilbake til bildet. Og motivet var som sagt nytt for meg inntil hin dagen. Utsikt frå ein ny vinkel. Omlag nordaust. Kanskje det difor var litt ekstra spanande. Eg står nesten på kanten av stupet mot Norddalen, heilt i austre enden, over Norddalstjerna. For dei som er litt interesserte ser vi Skålefjellet i midten, Svarthamrane t.v. og mot Størdalsstauren t.h. Svaberga med smeltevatn på hi sida av dalen fører oppover til Portafjell-området.

Det som òg er spesielt er at vi ser havet. Det var ei artig oppdaging. Vi ser faktisk heilt ut mot Staveneset. Ved forstørring av bildet ser ein den lange rette strekka av vegen nesten ute på Staveneset. Det var spesielt. Omlag som første gongen eg stod på plenen på Yndestad og såg ein flik av ryggen på Blegja i aust gjennom det same skaret. Det var som om plassen fauk i verdi! Her var eg jo allereie litt heime! Blegja, Majesteten, som ein òg ser frå Bjerga i Dale. Berre frå ein ny vinkel.

Alle vegar er ein omveg heim...

No gjenstår det berre å ta med kikkerten og kameraet ut mot Staveneset for å ta bilde i motsatt retning. For å gje den siste kvite flekken på kartet her ute innhald - iallefall for meg.:-)

Ingen kommentarer: