lørdag 10. mai 2008

Majesteten


Utsikt mot Rørvika og ytst i Førdefjorden frå Blegja i dag.

Eg er visst i det royalistiske hjørnet om dagen. Det var jo snakk om Dronninga hin dagen, og dette handlar om sjølvaste majesteten.

Som eg skreiv i går lurte eg på å gå på Blegja i dag. Som sagt så gjort. Eg var likevel spent både på snøtilhøva og ikkje minst om det var mogeleg å komme over skavlen som heng på nordsida. Det er fortærande å ikkje nå siste meterane opp på topp-platået på grunn av skavlen.

Vel, eg reiste avgarde i 9-tida. Åleine. I Rørvika tok eg på meg fjellskoa og gamasjane. Elles gjekk eg i den vanlege fjellbuksa, Bergans, og ein tynn overdel. Stien oppover føl delvis Rørvikelva. Snøsmeltinga hadde gjort denne veldig flott som bilda viser. I den stille morgonstunda var det idyllisk å gå oppover lia i sin nye grønfarge av året. Løvsangaren var komen siste dagane og heldt sin karakteristiske konsert oppover.

Det viste seg å bli varmt. Påkledning er alltid ei utfordring. I dag kunne eg like gjerne gått med ei lett joggebukse eller shorts. Eg er likevel alltid litt skeptisk til å kle av meg for mykje med ein gong så tidleg på året. Trekken er jo skummel seiest det...:-) Men ikkje minst sola, er farleg for ein vinterbleik kropp. Har sett eit par skrekkeksempel på det på Blegja før.... Det vart heldigvis eit kjølegare drag i lufta di lenger opp eg kom. Som vanleg. Og ved Nipebua (ikkje å forveksle med Nipebu) til Arvid L. tok trekken så bra at eg skifta ut den sveitte overdelen med ein ny.

Eg møtte snøen i den lange bakken nedom hytta. Heldigvis var den fin å gå på. Eg sokk berre gjennom det øvste laget. Eg hadde forsåvidt ikkje rekna med noko anna heller, men det er aldri godt å vite når ein kjem opp i høgda. Isbroddane hadde eg difor med meg i sekken.

Forbi Rørviknipa var det fjellknausar som var snøfrie. Men traversen sørover mot vatnet var ganske bratt av snøen nokre stader. Heldigvis var det ikkje isete.

Då eg kom opp til vatnet, såg eg det var veldig greitt å gå opp første ura på snøen. Eg klatra likevel litt høgare der stien går, då denne var delvis snøfri. Skråbakken over på stien i ura igjen var heilt fin å gå over. Snøen var ikkje for hard og ikkje ròten.

No begynte slitet! Det er jo resten av vegen opp som set ein på prøve til vanleg. Lang og ganske bratt som den er opp ura. Det som likevel er fint på denne tid, er å sleppe den steinet ura, då snøen ligg som eit lok opp igjen på all steinen. Utfordringa var likevel at sola allereie var komen ganske høgt på himmelen og formeleg kokte inn i bakkane oppover. Som om ikkje dette var nok, tok Likkjeblegja i sør truleg av for all trekken. Lufta sto stille. Så med varmen som var her og den rotne snøen som eg steig igjennom til opp på leggene, vart det ein hard tørn oppover. Føtene vart gelè! Eg måtte difor ta meg fleire pust i bakken. Sveitten sila! Og safta i sekken forsvann!

Men eg var likevel ved godt mot, for eg såg klårare og klårare at det var mogeleg å komme seg opp skavlen til topp-platået. Det hadde vore noko anna å slite seg opp og sett at ein ikkje kom seg opp siste meterane! Er ikkje sikkert eg hadde gidda ein gong....

Oppe i "salen" mellom Rørviknipa og topp-platået forandre snøen konsistens. Sola hadde nett fått tak, og det var difor ganske skarete siste bakken opp på toppen. Skavlen hang langt utover på nordsida, men det var akkurat nokre meter på sørvest-sida, på kanten av stupet her, som gjorde det mogeleg å komme over. Men det var greitt å kunne ta på seg broddane, då det er skikkeleg bratt før du bikkar kanten. Du blir litt tryggare med broddane under føtene når det er isete og bratt!

Det gjekk greitt å komme opp på platået. Eg var forsiktig. Og dei hundre meterane bort til varden er jo flate. Varde og varde fru blom:-) Det står ein rett stein på toppen av varden til vanleg. I dag var det kun toppen av denne som stakk opp av snøen. Eg har ikkje målt høgda på varden. Men den er iallefall minst tre meter høg. Så snø ligg det lenge endå.

Det var ganske bra trekk på toppen. Eg fann difor fram vindjakka. Og det likkje av steinen som viste seg av varden, var akkurat nok til sette seg ned på og ta ei skive. Det kom to karar frå Naustdal på ski og i shorts medan eg sat der. Vi hadde ein liten passiar, før dei snudde og køyrde ned igjen. Shorts var ikkje eigneleg klesplagg der oppe i dag. Så dei søkte ei varm grop for å kunne ta seg ei skive.

Eg sat ei stund til, og tok meg ei siste runde med bilder, før eg snudde nasen ned igjen same vegen som eg kom. Om det gjekk seint å komme seg opp, gjekk det dessto raskare med å komme seg ned. Det var berre å småluffe i den vårblaute snøen ned ura. Eg var ved vatnet på kvarteret tenkje eg. Nydeleg å sleppe all denne skumle steinen som ligg under snøen.

Eg kom meg ned igjen til hytta på no time. Drakk nokre slurkar saft og kledde av meg ovantil. Eg tok det med ro frå hytta og ned. Med tanke på knærne. Og turen eg slo albogen ut av ledd heng alltid i bakhovudet. Men eg trur heller ikkje føtene var i stand til så mykje meir. Det hadde teke på å komme seg opp. Spesielt frå vatnet. For den som vil følgje spora! Her veit vi jo det er hardt frå før av...

Rørvika-Blegja 100508

Rørvika-Blegja 100508 video

Ingen kommentarer: