mandag 19. mai 2008

Just another manic Monday


Ein andpusten Peter etter at han var først på Driveknolten i går. Han SKULLE vere først og har teke tak i varden som ein pokal! Fossedalshengenipa med Langevatnet og Nipebu i midten bak.

Olaug gjekk på Driveknolten igjen i dag ho. Ilag med ein flokk Askvoll-jenter. Utan å kome heim etter arbeid. Sporty. Men det medførte sjølvsagt at eg måtte kle rolla som husfar etter arbeid og pendling. Henting av Peter på SFO, middag, klestyr og anna førefallande arbeid i heimen. Eg kan det òg hvis nokon etter kvart var begynt å lure.

Eg veit ikkje kva som gjer det. Men eg har liksom ei kjensle av at nabojentene og andre luktar at no er det eg som er husfar og sjef. Dei har iallefall eit lag til å samlast her då. Om det er fordi eg er meir rundhanda med godsaker som sjokolade, brus og pop-corn framfor Cartoon Network enn husmora er, veit eg heller ikkje. Men noko må det vere. Eg prøver likevel å rydde opp så godt eg kan etter slaga. Når eg tenkjer etter kommanderar eg vel kanskje ikkje nok. Eller godt nok. Eg burde jo kunne det. Har jo ei bra røyst. Og også ei fortid som befal... Sint blir eg vel berre to gonger i året..

Ein annan ting er at det alltid skaper litt oppstandelse kvar gong fruen kjem heim frå fjellet og krev rapport over tingenes tilstand. Eg er for snill. Eg skjemmer dei vekk. Eg set ikkje grenser. Dei blir heilt umulige å ha med å gjere... og you name it... Vi 50 åringar er vel kanskje ikkje så lettlærde lenger, så eg er ikkje sikker på at formaningane hjelper så mykje. Eg brukar å seie at eg vaks opp med sveivetelefon under den industrielle revolusjonen. Det var andre tider då! Det var med oss som med sauene... Ein sleppte dei ut om våren og sanka dei inn att om hausten. Så tok ein ei vareoppteljing over kor mange som var att. Vi måtte klare oss sjølve. Neimen om alt var tilrettelagt fra A til Å som i dag...

Eit uttrykk som stadig går igjen i heimen er: "du høyrer ikkje etter" og "det sa eg hin dagen"... No høyrer eg litt dårleg òg etter kvart, så det er nok det meste av forklaringa på at det er ting som går meg hus forbi... Klok av skade brukar Olaug no å skrive opp A4 sider som skal gjerast og hugsast på når ho er vekke. Dette klistrar ho opp på kjøleskapet med magnetar slik at eg skal bli minnte på det ofte nok. Når ho så kjem heim igjen etter kurs, hotell- og Praha-opphald, er det alltid likevel noko som ikkje er gjort eller stroke ut av listene. Eg ser jo litt dårleg òg med åra. Ja, ja mange gonger er det greitt å høyre litt dårleg. Det er dei gamle rockeplatene mine som går på repeat inne i øyra... Av og til er dei gode å konsentrere seg om.

No skal eg ikkje dra dette noko lenger. I denne omgang. Eg er jo redd ankeret i heimen skal slite seg i stormkasta som kan komme.

Men alt i alt var det godt å ta seg igjen ein dag heime etter all fjellranglinga i helga. Mandagen er grei i så måte. Då er vi klar for nye rundar både på fjellet og i heimen seinare i veka...

Ingen kommentarer: