mandag 12. mai 2008

Frå nord til sør til vest



Det slo meg i går kveld, eg ville gå frå Markavatnet og til Nipebu for ein liten rast og ta med meg Driveknolten og returnere til Rivedal. Olaug kunne hente meg i Rivedal.

Eg vakna tidleg. Til vanleg tid. Og fann like godt ut at eg kunne stå opp med ein gong. Så i halv åtte tida var eg allereie på plass i Skjerlia og knytte fjellskorna! Fin morgonstemning oppover. Ein litt kald trekk frå nord gjorde at eg akkurat heldt varmen i ein tynn overdel. Smålomen flaug over med sin vanlege morgonkonsert. Eg høyrde han igjen oppe ved Krokavatnet òg.

Det var ganske blautt oppover. Myra er jo alltid våt. Men vidare var det veldig vått òg. Tydeleg at det hadde vore mykje snøsmelting i det siste. Det låg ein del snø nord om Fossedalshengenipa og i skaret ved Hengenipeholten. Snøen bar sånn passe. Men på sørsida av fjellet var det omlag heilt snøfritt. Det låg ein del is både på Langevatnet og Krokavatnet. Men den går nok opp i løpet av veka. Noko smålomen sikkert er glad for...

Eg var på Nipebu før kl 09. Her var det folk, men heilt stilt i hytta. Så eg fann ut at eg like godt kunne la folk få sove i fred. Eg fann meg ein solstol og tok meg ei appelsin på altanen i morgonsola. Men etter ein liten rast tok eg like godt peiling på Driveknolten.

Eg fann greitt passasjen til Agnar sørover mot øvst i Dalsstoredalen som han har rydda. Skåra i hammaren nord om Svartevatnet traff eg òg heilt supert. Så då var det berre å runde vatnet på austsida og finne passe tempo opp den sugande stigninga til Driveknolten. Eg skremde opp ei ørn i enden av vatnet så ho fauk til. Var vel ikkje meir enn 50 meter i frå ho, og greidde til slutt å få inn eit bilde mot himmelen. Det låg ein del snø i stigningane oppover, men eg valde heller hamrane og svaberga. Dei var lettare å klyve i.

På toppen trekte det litt frå nord. Klesbyte og noko på hovudet måtte til. Det kom ein litt eldre kar frå Holmedal stigande frå vest ei stund etter meg. Vi vart pratande litt der på toppen.

Eg søkte deretter vidare vestover fjellet mot Hundeheia. Her traff eg eit heilt følgje frå Askvoll, sjå bilete. Vi vart preikande der i solskinnet eit lite bèl. Nedom skåra lenger vest traff eg på tre personar til. Det var såleis ganske folksomt her oppe i dag.

Ved ankomst Rivedal kl 12.00, akkurat, hadde vi avpassa tidspunkta bra Olaug og eg. Ho kom nesten med det same.

Kjempeflott tur som eg egentleg hadde brukt mykje mindre tid på enn eg trudde.

Markavatnet_Nipebu_Driveknolten_Rivedal 120508


Driveknolten 120508 video

Ingen kommentarer: