søndag 25. mai 2008

Fotball og fjell


Frå Eikenes er det fin utsikt inn fjorden mot Dale

Vi reiste til Dale i dag med ferja 11.30 frå Eikenes med ein skokk med andre ungar og foreldre. Mål: Miniputturneringa i fotball på kunstgraset ved idrettshallen.

Det syda med liv i den varme sommarsola. Lukta av nysteikte vaflar hang over stadion. Vaksne og ungar kosa seg. Og kampane på bana og sidelinja gjekk fredeleg for seg. Ingen utagerande foreldre etter det eg fekk med meg.

Alltid kjekt å komme til Dale igjen. Rett nok er dei aller fleste i mi aldersgruppe ferdige med slike turneringar... men ein og annan kjenning er det alltid å slå av ein prat med etter gamalt. Foreldra mine sykla òg ein tur oppom bana i det flotte vèret. Vi fekk dessutan tid til ein liten tur heimom før vi tok ferja utatt 16.45.
Miniputturnering_Dale_250508

Heldigvis var kvelden ganske ung då vi kom heim. Etter å ha site meir eller mindre i ro der inne i timesvis, følte eg naturlegvis behov for å røre på meg. Eg tok difor avgarde på Skålefjellet med det same vi kom heim. Kun iført shorts i den behagelege kvelds-temperaturen. Herleg å få sveitte ut i den fine kvelden. Flott tur!




Ingen kommentarer: