tirsdag 6. mai 2008

Utsikt til Skålefjellet



Eg er så heldig at eg bur på rett side av Stongfjorden. På nordsida. Parabolsida. Der sola berre er vekke 6 veker rundt solsnu. Men òg på grunn av Skålefjellet. Vi har nemleg praktfull utsikt frå sofakroken og altanen heime. Både inn og ut fjorden, bort på Neset og Skålefjellet. Prangande i bakgrunnen. Kor mange bilete eg har av dette motivet må no fuglane vite. For same kva ramme årstidene lagar, er utsikta formidabel.

Lysta til å gå på Skålefjellet er såleis nærast konstant...:-) I skrivande stund ligg fjellet bada i raudt kveldsskin frå ei kvervande sol ute i havet. Medan det mørknar. Her. Eg får berre lyst og sette meg rett ned å sjå. Sjå og nyte. Sjølv om eg nett har vore der. Tida står stille. Tankane kan tumle si eiga lei utan ytre stress.

Ja, eg var opp igjen i stad. Opp og såg heim. Den vegen. Gjekk frå fotballbana i Gjerdedalen og følgde den T-merka løypa eg laga for nokre år sidan mot Nipebu. Somme tykkjer lite om å gå opp Gjerdedalen. Han er tung, og har eit litt bakse parti rett etter skogsvegen. Det tek dessutan noko tid før sola kjem om morgonen. Men du verden kor fint det er her i ettermiddags- og kveldssola. Varmt og fint i bakkane. Og veldig fin og god lysinnstråling frå vest. Ein stor fordel med Gjerdedalen er dessutan at du kjem deg fort opp i høgda. Truleg kortaste vegen på Skålefjellet. Men det skal eg sjekke. Eg tok nemleg tida i kveld!

Kjempetur på alle måtar. Kanskje kvarteret spart på å ta opp skåra ved første elva? Den er nyklippt etter søndags-turen og lett å finne. Nydeleg og stilt på toppen. Eg sat ei heil stund i bar overkropp ved varden. Måtte få igjen pusten. Eg var òg fram på kanten på nordsida og tok nokre bilder. Luftig og nydeleg utsikt i alle himmelretningar. Eg har tidlegare kalle Skålefjellet "Dronninga av Stongfjorden". Eg tykkjer egentleg det er ei god nemning. Som fjell har Skålefjellet alt du kan tenkje deg...


Skålefjellet frå bana 060508_video

Skålefjellet frå bana 060508

Ingen kommentarer: