mandag 7. april 2008

Vår i luften


Tilbakeblikk over Yndestadfjellet og eigne spor i går ettermiddag (egentleg sørgeleg med kun mobilen å ta bilder med f.t. når ein har slike motiv i sikte...)

Eg kom heim frå arbeid i dag og Peter spurde om eg skulle på fjellet. Eg svara ja, og då sa han at han ville vere med.. Så gjekk det nokre minutt, og då ville han ikkje vere med likevel. Men sa: "Pappa, kan du ikkje vere heime i dag?" Kva svarar ein til 8-åringen då? Sjølvsagt ja. Tydeleg han trong pappa-kontakt. Og eg som hadde vore på bankfeiring heile helga... Så i dag tok eg og poden og skifta dekk på eine bilen. Olaug rydda i hagen og brende bråte. Termometeret viste 10 pluss grader og Hans;en eller Kjell Christian hadde gylla... Fruen i huset hadde forsvarleg lukka soveromsglaset og tørkeklærna var redda i hus. Det lukta vår på Yndestad - lang veg...

Men i morgon, i morgon... er atter ein dag...:-)

Ingen kommentarer: