onsdag 2. april 2008

Ute til lunsj



Vårstemning knipsa med mobilen ved Langebrua og Jølstra i dag kl 12.00 (Elva er sjølvsagt det finaste vi har i Førde...!)

Sidan det var ualminneleg fint i Førde i dag, tok eg like godt lunsjen ute i sentrum sør. Eg kjøpte meg årets første kroneis med jordbær, fann meg ein benk i sola og tok på solbrillene. Sola heta i kjakane. Gråsporven kvitra i hekkane. Og hadde ikkje damene litt mindre klede enn vanleg...? Herleg! Det osa av vårstemning. Livet vender atter tilbake for dei som har lege i dvale...:-) Det er tid å finne fram solgliset:-) Dagen blir endå lysare då!

(P.S. Litt stilig å sende bilder og tekst direkte til bloggen frå mobilen....!
Sony Ericsson K850i)

Ingen kommentarer: