torsdag 3. april 2008

Optimismens teikn


Frå Nordheia mot Heilevangstaurane og Storehesten i dag tidleg kl 07.23 (å formidle dette bildet med mobilen, slik det såg ut, er håplaust, men eit lite inntrykk gjev det vel...)

Det er flott å kunne pendle mot aust om morgonen og vest om ettermiddagen. Mange stunder kan eg nyte ein flott soloppgang, og deler av året solnedgangen. På ein måte er eg "alltid på veg mot sola"...

Dei siste morgonane har det vore utruleg fint med sola og skyformasjonane over Erdalen. Diverre har eg ikkje kamera til å formidle dette f.t (vurderer eit nytt speilrefleks frå Canon som snart kjem ut)... Eg likar lyset og skuggane som sola skapar om morgonen svært godt. Tykkjer faktisk denne stemninga kan vere vel så flott som kveldssola som går ned i havet. Det har vi jo sett tusen gonger før. I tillegg blir omgjevnadane då lett for mørke. Og så er det sjølvsagt symbolikken med morgonsola som er virkningsfull - ein ny dag med nye muligheite. Nyfødd i optimismens teikn...

Ingen kommentarer: