onsdag 2. april 2008

Vårstemning i fjellet


Vakker utsikt mot Svanøya og Florø frå Skylefjellet i kveld

Nydeleg vårtur på trimposten. Herleg med vårsol i bakkane. For første gong i år sang svarttrasta (sysvorta) i bakkane under Rinda. Så melankolsk og vakkert. Ein av dei finaste fuglelåtane eg veit. No ventar eg berre på songen til raudstrupa òg. Når desse syng om ein annan i kveldinga, er det berre å sette seg ned på ei tue, sjå ut over fjorden og nyte livet!

Sidan snøen var vekke tok eg raskaste vegen, og gjekk rett opp på toppen frå Mangevatna. Det var så nydeleg nede ved vatna, endå om isen framleis låg der. Ein dag eller to til så tenkje eg isen er tina. Er jo litt løye egentleg, for midt i februar var her ikkje is i det heile teke... No om åra ser det visst ut som om vinteren kjem i mars...! Men no er det berre å nyte finaste månaden i året. "Jeg velger meg april"...


posten 020408_video_a

posten 020408

Ingen kommentarer: