fredag 11. april 2008

Fuglesong i lia


Yndestad i kveldssol 11/4-08

Fin trimtur på fjelltrimposten. Herleg fuglesong oppover mot Rinda! Det er begynt å bli ein god del tørrare i bakken no. Snart tid for joggesko? Det skal bli kjekt med litt lettare fottøy... Men stykket ovanfor Rinda mot hytta er ganske blautt endå. Og det er ikkje noko særleg å springe våt på føtene førebels.

Eg traff Janne og Inger på returen. Veldig kjekt å sjå Inger oppe i fjellet etter alt ho har vore gjennom av sjukdom. Mosjon er absolutt rette kuren - egentleg for det meste!
video 110408

Ingen kommentarer: