tirsdag 1. april 2008

Eit lite inngrep


Peter tek ein liten pause ved Markavatnet på veg til Markahengenipa i fjor vår


Ved Markavatnet etter å ha vore på toppen. Peter er konge på haugen og har funne seg ei "geit"..

Det vart litt restitusjon på meg etter at Olaug var på kurs i går, og eg fekk fjerne ein papillom - ein vorteaktig, godarta svulst på slimhinna - i ganen i dag. Effektivt fjerna på sjukehuset på ein, to, tre ved å svi saken av...

Den var begynt å plage meg litt denne utveksten. Tok stor plass i svelget. Og ved at eg kunne panikkvakne. Kjensla av ikkje å få puste, er som du skjønar ekkelt å vakne av.

Eg må på jobb igjen i morgon. Det vart berre nokre timar fri, der snakketøyet ikkje fungerte. Litt smertestillande må eg rett nok tygge til å begynne med. Men smertene skulle visst gå fort over. Så i morgon eller overmorgon er eg nok på veg opp bakkane igjen etter jobb. Då er vel sitringa i kroppen uimotståeleg..:-) Og oksygen-opptaket sikkert endå betre enn før (1.april....:-))

Ingen kommentarer: