tirsdag 8. april 2008

Der draumar bur


I den varme, vindtørka lyngen er det godt og ta ein pust i bakken og sleppe tankane fri (sjølvutløysar mobil)

Eg tok like godt turen ut på Blåfjellet frå Skylefjellet i kveld. Det var så utruleg vakkert med kveldssola i vest. Eg ville nyte Mangevatna frå vestsida med sola i ryggen. Det var vår i luften. Stilt og fint. Og fleire gode plussgrader. April er berre flottaste månaden i året. Livet vender tilbake.

I kveld var dei første primlene dukka opp i bakkane mot Rinda. Det er veldig mykje av sorten i dei varme sørvende bakkane her. Ved toppen av Selda, er fleire titals kvadratmeter propp fulle med gule primler. Vakkert. Dei første melankolske trillene til raudstrupen lydde frå dei raudfarga bakkane frå kveldssola. Vakkert.

Det var ein flott tur på ein nydeleg kveld. Ein kveld for draumar og håp!

posten 080408

Ingen kommentarer: