torsdag 6. mars 2008

Kvite vidder



Arkivbilder frå Blegja av underteikna og Agnar

Etter å ha surfa innom Nettavisen i dag og sett på nordmenn sitt nye påskeferieparadis, kom eg på Ivar Åsen og mellom bakkar og berg. Men òg "Her er det land som hugar meg mest" av den same:

Her er det land som hugar meg best, og hit hev eg lengta lenge.
Her er det mest som hugen var fest, og gjekk i sitt gamle gjenge.
Vide hev eg flutt og fare i kring
aldri såg eg slike hyggjelege ting.
Ja, mykje hev eg sett og meir hev eg frett,
men her hev eg sett det beste.

Her kan eg kjenne bygder og bol og berg på så ymse rader;
fjøre og fjell og himmel og sol er kjendar' enn andre stader.
Sårt hev eg sakna heimen ei tid,
difor er han no så kjær og så blid.
Lat koma kva som kan; eg møter som ein mann,
og aldri fer eg ut or landet.


Det er jo eit stort paradoks at i desse klimadebatt-tider så eksploderer sydenturismen. Gjer nordmenn med smekkfulle lommebøker f... i heile CO2 problematikken? Rikt Superegoistisk folkeslag?! Vel, eg skal halde meg for god til å rakke ned på andre. Har vel sjølv vore i syden for nokre år sidan....

Men kan det stemme at det er færre som set pris på fjellvandring i påska? Eg trur det er feil.... Turistforeningen har flott auke av medlemmer kvart år. Og turisthyttene er meir nytta enn nokonsinne. At nordmenn flest held seg heime i påska, er jo slett ikkje einsbetydande med at dei sit i sofaen. Det er år og dag sidan eg var på hytteferie i påska (utanom ei overnatting eller to på Nipebu), men eg er stort sett på fjellet for det... Påske som elles i året. Og svarar eg på ein undersøkelse om kvar eg er i påska, svarar eg sjølvsagt at eg er heime...

Etter mitt syn blir det litt for svart/kvitt at nordmenn flyktar frå fjellet til Syden i påska. Noko anna er det vel at det pga god råd blant folk, så er det fleire som reiser. Og sjølvsagt at klimaet er i endring... vi får det våtare og villare her, og rike, solhungrige nordmenn, som ikkje tek inn over seg den globale utviklinga, flyg til syden. Gjerne fleire gonger for året. Og raskare aukar den globale temperaturen. Mange spår ørkentilstandar i landa vi kallar syden om få år... Nei, søren, det var jo dette eg ikkje skulle skrive om.... Det får halde no!

Vel, uansett, smaken er som baken. For meg er fjellet naturoppleving, stille, fysisk aktivitet, nærleik til seg sjølv og gjerne turkameratar, og "lading av batteri". Ta gjerne med fotografering òg... og alt som eg ikkje kjem på no...:-) Ein sydentur kan aldri erstatte dette, og sjølvsagt ikkje i påska... av alle tider. Påske er og blir appelsin, kakao, brunostskiver, kvite fjelltoppar og solbrende kjakar framfor peisen med påskemarsipan og kortstokk. Og gjerne eit munnsår som svir atte til...:-) Påske er sjølve gjenfødinga av våren og Kristus, finaste tida på året. Jeg ønsker meg april.. Kvifor reise over bekken etter Aqua Velva...?

Sandstrender og syden er ikkje påske... for meg!

Og dei to siste versa av mellom bakkar og berg...? For oss heimekjære heimefødingar..

Fram på vetteren stundom han tenkte,
gjev eg var i eit varmare land.
Men når vårsol i bakkane blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.

Og når liene grønkar som hagar,
når det laver av blomar på strå.
Og når netter er ljose som dagar
kan ein ingen stad venare sjå.


DEL 2 - 6/3


Sjølvutløysing av mobilen som står på varden (hugsar ikkje at det har vore så stilt her oppe i vinter at det har vore mogeleg før i kveld)! Toreheia t.v. og Skålefjellet t.h.


Forblåst på toppen, men stillare enn på lenge i kveld! Utsikt mot Svanøya og Florø

Treningstur opp på fjelltrimposten (igjen) i kveld. Antal gonger kan eg vel ikkje opplyse...:-) I sørhellingane og på flatene mot hytta var det ein god del snø. Antydning til skare, men denne heldt ikkje. Ganske tungt i desse partia. I tillegg til å gå gjennom skaren, måtte eg nærast slite for å få føtene opp igjen frå skarelaget fram mot neste steg. Mot toppen var snøen nærast avblesen mange stadar.

Traff Dag Tore igjen oppe i kveld. Eg såg spora i snøen nede ved granfeltet, så eg rekna med det var han. Han går opp ute ved fellesfjøsen. Eg heime i frå. Artig at vi treff kvarandre på same plassen, aust om Mangevatna, kvar gong. Men i dag var det omvendt rekkefølgje enn før, då han alt hadde vore oppe.

Ingen kommentarer: