tirsdag 25. mars 2008

Ei stille stund


Eg sat på ein snøfri rabbe med lyng ved Skylefjellet i kveld i solnedgongen, og spurde meg sjølv: Har eg sett det finare her nokon gong? Slike universelle spørsmål finn ein sjølvsagt aldri svar på. Og kvar årstid har sin sjarm. Dei stille, varme sommarkveldane ved Mangevatna når den gullgylte sola går ned i havet, og kjøa vaker, er minst like fine som bilda frå skrytesidene i reiseselskapa sine katalogar. Men i kveld var det kjølig seinvinter. Ekte vare. Tørr og kald nysnø, stilt - både frå lyd og vind, låge skuggar av ei sol som spegla siste strålane i det stille havet i vest, flotte, farga skyformasjonar der ute, kvite fjell i skinande gullglans og glødande lyngrabbar i fargar frå i fjor. Det var spor etter hare, rev, mår og snømus i nysnøen som blinka i kalde, klåre snøkrystallar. Fantastisk! Nesten overjordisk. For meg rein religion...

Slike stunder, eg vel å kalle dei heilage, dukkar opp av og til i fjellet. Ikkje kvar gong. For då er dei ikkje så spesielle. Kva som gjer at denne kjensla dukkar opp? Nokon der oppe? Kven veit.. Ein må vel vere spesielt mottakeleg for inntrykka der og då, og at desse sjølvsagt er sterke. Kjensla av at nokon har helde si hand over måten ting heng i hop på i naturen ligg der. Det er slike stunder ein kjenner livet pulsere og at ein er til. Trur eg snart må skrive ein "takkesalme" til fjellet generelt og Skylefjellet spesielt... For jomfruleg natur gjer meg både audmjuk og glad...

posten 250308_video

posten 250308

Ingen kommentarer: