lørdag 29. mars 2008

Ei bløyte


Mot Toreheia i skodde og Krækavatnet i dag føremiddag

Kan vel skryte på meg sopass at det ikkje skortar på motivasjonen til å gå på Skylefjellet. Eg står vel snart i fare for å bli kalla ein raring, eller reint manisk i dette løpet opp der. Men det bryr eg meg i grunn katten om. Eg føler både form og humør er betre av å bruke nokre timar på dette.

Eg tok iallefall opp igjen i føremiddag i regnvèr og vind. Snøen hadde minka mykje i løpet av natta. Men den som låg igjen, var dessto mykje blautare enn i går kveld. Spesielt frå Rinda til hytta var det slitsomt å vasse i den blaute, tunge snøen.

Spora frå i går låg der. Litt av utfordringa ved å trakke i dei, var at eg seig minst 10 cm lenger ned i snøen. Det er jo ganske så tungt å måtte slite skorna opp igjen frå den tunge snøen for kvart steg. Men, heldigvis, frå bakkane nedom Mangevatna og opp, var det ikkje så mykje snø som låg att. Der snøen stort sett var blesen av i går, låg det ingen ting igjen i dag. Så siste delen av turen opp gjekk lett.

Det regna og bles heile vegen. Eg høyrde det frå tunet heime før eg starta. Kan vel seie at eg kan Skylefjellet no. Å tolke vèret iallefall. Så eg vart både blaut og kald i buksa på heimvegen, då eg fekk heile stasen av kuling og regn i fjeset. (Det viktigaste er å halde seg varm på overkroppen og hovudet, og tørr på beina). Godt den varme dusjen er berre ein liten time unna då. Turen opp og ned går greitt på to timar i forholdsvis rask gange utan pausar....

Avslutningsvis gjentek eg meg sjølv frå i går. La den varme synnavinden komme. Og ta med trekkfuglane. Det er vår no!

video

Ingen kommentarer: