torsdag 13. mars 2008

Den tragiske fugledauden


Fjorårets kull svartbak, radarparet... Frå Hollevikflua sommaren 2007

Eg veit ikkje kor interessert du er i fugl. Eg er. Periodevis er eg hekta. For det var jo ornitolog eg skulle bli... Har vore medlem av NOF (Norsk Ornitologisk Forening) snart ein mannsalder. Deltok ivrig på Vinteratlasprosjektet, og har laga fuglelister for Askvoll og Fjaler. Prøver å halde desse ajour. Du finn ein del info her.

I 2008 er hubro valt til årets fugl. Ein skal gjennomføre ei landsomfattande kartlegging og innrapportering for å få ei oversikt over arten. I dette høve har eg sagt meg villig til å vere kontaktperson i Askvoll. Ta gjerne kontakt dersom du har opplysningar om hubro. Som vi veit er hubroen svært utsett for kollisjon med kraftlinjer og vindturbinar. Den er såleis i kraftig nedgang, og er sjølvsagt raudlista.

Som vi òg veit har sjøfuglbestanden stupt dei seinare åra. Det er kritisk for fleire artar. Du ser ikkje ei terne langs kysten lenger... Eg blir aldeles deprimert når eg er ute i havet med båten langs holmar og skjer om sommaren, og nesten ikkje ser ein fugl lenger. For nokre få år sidan var det eit yrande fugleliv på same stadane.... Årsakene til dette er sjølvsagt samansett. Men mykje tyder på at hovudgrunnen er overfiske i Nordsjøbassenget. Spesielt av det viktige fiskeslaget tobis. Denne blir brukt som fòr til oppdrettslaks.

Eg skreiv for tre, fire år sidan til Miljøvernminister, sekretær, miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen og stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane og alarmerte om situasjonen og krevde tiltak. Lite har skjedd!

I dagens BT kan du lese ein svært god kronikk om situasjonen. (Les òg gode kommentarar)! Eg tykkjer det er rart at dei ti tals naturvernorganisasjonane våre har kome så lite på bana for å redde sjøfuglen. Kanskje fugl ikkje er "in" nok? Som rovdyr, kval eller sel? Eller forstår ikkje folk dette? Er dei så opptekne med sitt eige at synet berre rekk til nasetippen....?! Og sjølvsagt er det altfor lite mediaoppslag om fugledauden. Fugleinfluensaen fekk oppslag den! Ein utruleg mediajippo!!

Det er berre djupt tragisk at fuglane blir ofra på kapitalismens alter. Få ser ut til å bry seg...og tilsynelatande blir ingenting gjort...


Ingen kommentarer: