torsdag 21. februar 2008

Silregn og frisk vind



Vinterferie ja... Kuling og regn og pass av tre katar i 7-9 årsalderen. Tarald, syskenebarnet til Peter, kom på overnattingsbesøk frå Flekke. I tillegg kom Sander som er på ferie frå Bergen. Gutane var egentleg veldig greie å ha med å gjere. Som regel brukar det å gå betre med to eller tre, men i dag var det visst eit hederleg unntak i så måte. Med playstation og dvd og eit berg med lego og bilar, har dei visst hatt det veldig kjekt innomhus - i timesvis. 1/2 kg smågodt, brus og chips var vel heller ikkje å forakte ein slik uveirsdag:-) Litt populær kan ein jo gjere seg sjølv;-)

Det var aldri aktuelt å ta opp i fjellet i ettermiddag. Vinden hamrar inn i Yndestadfjellet frå sør med skodde og silregn. Elvane går over alle breidder. Eg veit korleis det kjennest ut der oppe no.

Eg tok meg likevel ein liten luftetur på Staveneset for vitet sin del, etter at fruen kom frå arbeid. Knipsa nokre bilder som berre fortel litt. Så stor sjøgang var det ikkje, men det bles ein god kuling frå sørvest. Nokre alvorlege regnbyger piska mann og land. Godt iblanda ramsalt havluft var det ei herleg oppleving! Men OBS hvis du tek turen sjølv, pass på dei blankskurde, glatte svaberga - og større bølgjer i blant! Det er fort gjort å skli ned i dei frådande vassmassane.

I skrivande stund har vinden snudd meir vestleg og tek dessto meir inn Stongfjorden. Det røskar godt i tak og vegger, og huset ristar av og til som av lette jordskjelv. Det er egentleg koseleg og romantisk å tenne stearinlys i slike stunder. Peiselden er heller ikkje å forakte. Litt veir er kjekt å ha det...:)


kuling og regn 210208

Ingen kommentarer: