fredag 8. februar 2008

Om å kysse ein einerkave


Sturle og Agnar på veg mot Nipebu. Sola stikk fram sør ved Driveknolten

Eg var klar over at det kunne bli tøft då eg gjekk oppover i 17 tida. Eg høyrde frå tunet heime at sønnavinden dundra inn i Yndestadfjellet der oppe. Men det var opplett - akkurat då...

Det gjekk egentleg veldig greitt til eg nådde opp på topplatået og tok vestover. Samtidig som siste rest av dagslys forsvann, og eg måtte tenne hovudlykta, begynte det å regne og blåse noko vanvittig. Det er heller ikkje skjul å finne her oppe... Eg har vorte van med litt av kvart seinare åra, men den vinden og det piskande regnet med sludd og hagl i som var der oppe i kveld, tek kaka. Eg måtte tvihalde i varden for ikkje å bli blesen bort etter hamrane...(Eg måtte jo få namnet i boka iallefall). Det var vanskeleg å puste. Å stå oppreist ved varden var komplett umogeleg. Eg var søren meg ikkje høg i hatten...det var heilt ekstremt! Verre enn nyttårsorkanen! Og regnet piska meg våt som ei katte på ein augneblink - i mørke natta langt til fjells og utan klesbyte. Det var ikkje til å tru....

Men eg kunne ikkje sitte bak varden der heller lenge. Det var ikkje mykje ly å finne der uansett - så gale var det! Og regnet piska ned...Første stykket bortetter hamrane brukte eg hendene for å halde meg fast i det som var. Litt lenger aust på det hallande platået, var det litt spakare på nordsida av dei nesten flate hamrane. Her klarte eg å halde meg nokolunde oppreist og kom meg ned der ein svingar aust og sør om Mangevatna. Her tok vinden litt mindre, men her fekk eg dessto meir av drevet i fjeset. Eg prøvde å skjule ansiktet, men eg måtte jo sjå òg, ja regn- og hagldrevet gjorde regelrett vondt.

Eg trudde eg var komen over det værste nede ved bakkane mot Svartevatnet. Men på stien rett ovanfor og aust for vatnet, kom det eit vindkast så eg regelrett vart blåst ut av stien, og hamna på hovudet i ein einerkave i bakken nedom stien! Eg vart liggjande nokre sekund og kjenne etter om kroppen var nokolunde intakt. Det svei litt i fjeset og rundt truten av eit hardt møte med stive einernåler. Eg må seie eg har stukke hovudet og truten bort i meir behagelege ting enn desse nålene. Men elles var fyren like heil! Og eg stabla meg på beina igjen, og kom meg oppatt på stien. Dette her var pinadø rein texas!

Nede ved kanten over Rinda, som er ganske eksponert for synnaveir òg, bles det noko eksepsjonelt igjen. Kanten rundt her går loddrett like i Rindelva 50 meter nedanfor. Kunne jo ikkje bli blåst overende her... Eg passa på å gå over svaet akkurat då det løya nokre sekund, og kom meg forbi og bort på stien på hi sida.

Det vart litt av ein tur! Nesten synd at ein opplever slikt heilt åleine. For det er egentleg vanskeleg å sette ord på forholda som var der oppe i kveld. Eg er faktisk litt glad for at eg kom meg ned igjen i heilinga - berre dyvåt til skinnet og sår rundt leppene.:-)

I skrivande stund held vinden framleis på å hamre inn i Yndestadfjellet. Det durar i heile huset. Fantastisk kor sterk vinden er på fjellet her ute..."Du tror det ikke før du får se det..." Lurer på kva slags kraftlinjestolpar som kan tole slik ekstremvind i lengda? I framtida skal det visst bli endå verre....

Ingen kommentarer: