lørdag 23. februar 2008

Morgonfuglen


Mobilknips av fin morgonstund ved Svartevatnet i dag.

Etter å ha sjekka veir og vind i 0630 tida, og registrert at det var både opplett og stilt, tok eg oppover vel klokka 0730. Eg ville så gjerne komme meg opp på posten ein tur før det truleg braka laust med eit nytt lågtrykk. Så eg fekk meg ei veldig fin morgonstund oppover då det lysna av dag.

Orren oppe i lia har vel vorte så van med trakk at han ikkje har brydd seg særleg i det siste. Men i dag kom eg truleg så tidleg og stilt på han at han vart skræmd. For vi kvapp begge, og opp baksa han gjennom nokre greiner. Brått slo det meg at bråket frå orren minnte meg om lyden av eit helikopter. Ja, akkurat første lyden du høyrer når det kjem fort på deg over ein bakketopp. Som vi veit er orrfuglen stasjonær, og held seg i same området heile året. Så det er heilt sikkert same hannfuglen eg stadig støter på. Kjekk naturoppleving dette.

Turen elles gjekk heilt fint. Eg fekk på meg ei god haglbyge oppe ved toppen. Det var som nåler å få haglet i fjeset! Men det gav seg fort. Det låg ein del skodde som kom og gjekk oppe, og 1/2 cm nysnø. Ikkje rare vinteren. Men kaldt nok var det i trekken, lettkledd som eg var, og som eg brukar å gå, så det var berre å komme seg ned igjen i lende.

Returen gjekk heilt fint i det stadig gryande lyset. Nesten heime i ti-tida på føremiddagen, var det antydning til sol. Nydeleg start på ein lørdag...:-) Kjekt å komme heim frå fjellet når andre står opp...:-)


mobilbilder 230208

Ingen kommentarer: