mandag 11. februar 2008

Det minner om vår


Årets første mobilbilde frå Skylefjellet etter jobb! Klokka er 17.50.

Veldig fin tur på fjelltrimposten her oppe i kveld. Eg sprang med det same eg kom heim etter jobb. Middagen var eit knekkebrød! Sola gjekk akkurat ned då eg kom opp til Rinda tett før 17.30. Det var nydeleg kveldsstemning og flotte fargar ute i havet. Bakkane var rosafarga i lèten. Fin temperatur med eit sør-aust drag i lufta gjorde meg både yr og lett til sinns... Og litt vårkåt?

All snøen var vekke, men det var ganske vått i bakken mange stadar. Det bles litt på toppen. Men det var peanuts i forhold til kva eg har opplevd før...:-) Såg i boka at det hadde vore opp ein del folk i går, naturleg nok, med det flotte vårveiret. Slike dagar styrer eg stort sett til litt andre toppar - blir så travelt å snakke med "hund og hare"...:-)

Det fine med nordsida av Stongfjorden er at snøen fær veldig fort. Trur det må vere havlufta som spelar inn. Så fort som snøen forsvann hi natta var heilt uverkeleg!
Dette er difor eit herleg område for familieturar heile året gjennom. No på denne tid slepp ein styr med ski og skismørning, kalde barneføter og sutrete ungar. Det har sine fordeler med å sleppe snøen òg. Så kan ein sjølvsagt stille spørsmålet korleis det går med skiferdigheitene til ungane... Vel, snøen ser visst ut til å bli ein saga blott likevel i framtida...

I kveld kom eg meg heilt ned igjen på Rinda utan lys, men brukte lykta derifrå og heim. Kunne nok klart meg heile vegen ned, men det var mest behageleg å sjå stien skikkeleg med lys. Refleksstikkene mine trur eg at eg plukkar ned til påske. Men ser ikkje vekk frå at nokon framleis vil ha dei ståande...dei viser jo godt vegen når det er lyst og skodde òg....:-)

Vi får krysse fingrane for at det nydelege vårveiret held fram ei stund til...

mobilbilder på Skylefjellet 110208

Ingen kommentarer: