onsdag 9. januar 2008

Minne frå ei svunnen tid


Med kjærleik på pinne! Som daling var dette første turen min på Moldura i Holmedal. Moldura ser du i bakgrunnen. Ein av favorittane mine. I oppveksten var vi alltid på garden Boge i Holmedal om somrane. Bestemor mi på farsida kom her i frå. Vi hadde ei lita hytte der. Dei andre på bildet er frå Boge, med Hjalmar, bror til bestemor mi, sin familie. Hjalmar og Sigrid dreiv garden. Vi hadde fantastiske somrar på Boge i gamle dagar! Og så var det alltid fint ver!

Mange gonger undrar eg meg over kva som brått kan dukke opp i minnet frå gamle dagar. Heilt uventa. Og utan noko spesielt forvarsel. Omlag som om du trykkjer på ein link på ei datamaskin du ikkje kjenner innhaldet av...Det må jo vere ein assosiasjon til minnet? Eit slags deja vu? Der du har ei fornemming av at noko du opplever for første gong, er akkurat det same som du har opplevd før! Eller omvendt. Ganske nifst... Draumeforskarar hevdar jo at det ikkje er tilfeldig kva vi drøymer heller, men at det er ei slags fordreia samanrøre av noko vi har hatt føre oss dagen eller dagane før.

Men kanskje er det eit slags alderdomsteikn at ein brått og uventa begynne å tenke på ting før i tida, som om det var for første gong? Nei, eg vel å sjå positivt på det, at det er ei erfaring ein har opparbeidd seg i livet, og at erfaringa etterkvart får ein til å tenkje at dette nye har eg opplevd før. På den annan side blir det jo òg sagt at ein blir som eit lite barn igjen oppe i hovudet før ein forlet denne kloden. Eller sagt på ein annan måte - ein går i frø.

Vel, eg er ikkje sikker på kva slags metafor som passar for opplevelsen eg hadde i bilen på veg til jobb hin morgonen. Det dukkar opp så mangt i denne stille stunda. Eller stille var no litt drygt. CD-anlegget dundrar som regel ut ganske hard morgonmusikk. Det er best slik. Det er godt å få renska ut litt øyrevoks om morgonen, så ein ikkje dullar i zzzzøvn igjen. Bak rattet er DET ikkje heilt risikofritt. Men, iallefall, eg begynte å nynne på "God morgen, god morgen, her kjem eg inn til deg. No skal vi ha ei kosestund i kråa du og eg....". Brått ut av ingenting. Som eit skot i natta...Eg kvapp...! Kva er det som gjer at slikt dukkar opp?

Eg begynte å småle for meg sjølv. Det måtte vel vere eit barnetv-program då eg var på Peter sin alder? Og kven gjorde strofa? Eg hadde ikkje tenkt på dette på 40 år! Går eg i frø?

Eg fekk hjelp på jobb. Heldigvis er det framleis folk på min alder i banken, og Hilde B. visste råd.
Ingebrigt Davik , sa ho.
Dei yngre hadde jo ikkje den villaste fantasi...Det hjalp like lite kor mange gonger eg sang strofa for dei....Eg slo dette opp om kvelden då eg kom heim frå arbeid. Og riktig det var i 1964 - i "Eventyrstund med Ingebrigt Davik". Han opna med å synge denne strofa og spele gitar til. Eg var 7 år som Peter!

Dagane etterpå har denne strofa følgt meg som "a never ending story"... Eg får ho ikkje ut av hovudet! Blir eg gal? Går eg i transe? Eller har eg så stort behov for ein kosestund i kråa....? Kven veit....

Tankane har sidan starta å svive om andre ting i min - og tven;s - spede barndom òg! Det er utruleg kva som dukkar opp igjen i hovudet på ein middelaldrande bestefar..:-)



Ein nervøs 12 åring bakerst? Ved kanten mot Fagredalen... Legg merke til lik shorts med Svein. Og vi gutane, Arthur, Svein og eg hadde like Viking fotballsko i tøy, kjøpt på Stensethen på kaia i Holmedal! Skulle gjerne hatt eit par i dag òg. Skoa var gode å gå i, og sat godt på underlaget

Vi var tidleg ute med fjernsyn heime hos oss. Trur det var i 1961. Bokbinderiet og bokhandelen til bestefar min, og seinare mor mi og far min, låg ved sidan av den einaste elektriske butikken i Dale, Sørebøen. Du store mi tid for eit under det var då Sørebøen fekk inn fjernsyn i butikken. Eg hugsar vi ungane kunne stå i timesvis å sjå på prøvebildet på tven som var utstilt i utstillingsglaset mot vegen. Med nasen inn i den store glasruta stod vi der og håpa det skulle dukke opp noko på skjermen. Og var det ikkje prøvebilde på tven, vart vi ofte ståande å sjå på berre snøen på skjermen - i håp om at prøvebildet av NRK-huset skulle dukke opp! Når vi var leie for ei stund, det hende vi vart det òg, og tok oss til noko anna, gjekk det ikkje lenge før nokon føreslo at vi skulle gå bort på Sørebøen igjen å sjå på fjernsynet...

Med den påvirkningskrafta denne tv-en hadde i utstillingsglaset der, som var hinsides noko anna både bestefar min og far min hadde opplevd, kan eg tenkje meg, så tok det ikkje lang tid før tv-en, ein Phillips med eit voldsomt teak-kabinett, så tung som eit udyr, var på plass heime på Skaartun oppe i vegen! Guri malla som eg minnest denne tven. Det hadde sjalusidør som du kunne dra framfor skjermen, både for å verne skjermen og for at det skulle sjå ut som eit flott skap! Det hadde ei uttrekksskuff som liksom sto på langs oppe der alle knottane var. Knottane viste då du tok opp skuffa. Og du verda kor mor mi pussa kabinettet, med teak-olje. Det skein som det gjevaste gull. Det mest kostesame og det likaste vi hadde i heimen. Omlag på linje med ei Folkevogn...vel, faderen hadde Ranault då.

Såleis kan eg vel trygt seie at eg og tven vart oppfunnen samtidig! Det er jo meir enn kva dagens ungar kan slå i bordet med.....:-)

Men tilbake til BarneTV. Pompel og Pilt, reperatørane, var jo til å skremme vitet av ungane i 1969. Dei kom og gjekk bak skumle forheng som spøkelse og såg veldig farlige ut. Og så skreik dei og, Pompel og Piiilt, Pompel og Piiilt.. Eg las ein gong at serien var stoppa ein periode fordi den ikkje eigna seg for ungar!! No kan vel ikkje den råbarke underholdninga til ungane i dag samanliknast med det vi hadde den gong. For dei blir vel fortare herda i dag, med Harry Potter og greier. Men sjølv om eg var 12 år, tykte eg faktisk det var nifst. Følte meg ikkje heilt trygg i senga etterpå, sjølv om eg låg på same rommet som bestemor mi, som hadde både bibel og salmebok på nattbordet.

Pernille og Mr.Nelson var jo òg ein klassikar, med Ragne Tangen. Pernille, den fornuftige og moderlege, Mr. Nelson med amerikansk dialekt og mørke solbriller som alltid rota seg bort i noko elende. Kanonbra! Gløymer det aldri...Eit minne for livet...

Og litt seinare kom Lekestue med Vibeke Sæther! Ho var min første forelskelse. Det veddar eg på! Ho var råtøff! Var det ikkje noko sensuelt over ho? Eller var det berre eg som såg det kanskje, med gryande testosteron i blodet?

Lesing av eventyr for ungane var populært. Jens Bolling var ofte i barnetv og las for oss. Og sjølvsagt Alf Prøysen og "Grautgramsen" og ikkje å forgløyme "Kanutten" med Anne Cath. Vestly. Den blide, naive jenta som var gatemusikant med trompet og artig hatt!

I Dale i gamle dagar hadde vi kallenamn på alt og alle. Eg er ikkje sikker på om det er så vanleg i dag. Eg hadde mange. Det første som eg hugsar er "Sysvorta" - eit anna namn for svarttrast. Sysvorta har veldig flott sang. Eg tykkjer sysvorta og raudstrupen har den finaste sangen av alle fuglar om våren. Melankolsk og trillande. Kallenamnet fekk eg fordi eg alltid plystra..Og sjølvsagt fordi eg var sinnsvakt oppteken av fuglar.

Eit anna kallenamn eg fekk var "Nilfisken". Det var namnet på ein støvsugar. Eksisterer den i dag? Det var fordi eg drog all lufta inn rundt meg når eg lo, slik at dei andre ikkje fekk puste...:-) Heilt utruleg godt påkomme...Var det Henken?

Ein avart av denne vart "Pusterøyret". Det trur eg vart funne opp av Ivaren. Det måtte ha vore nokolunde på same tid? Sikkert i forbindelse med "Amerikanar" eller "Spar-Dama" kveldane oppe i kjellaren hos Henken på Dingemoane.

Men "Grautgramsen" fekk eg av Bården. Han hadde sikkert vore hos oss ein gong, han var jo ofte der, når vi hadde graut, og sett at eg åt veldig mykje. Det ligg vel i namnet òg. Det var grådig til matlyst eg hadde den gong, hugsar eg, men eg såg ut som ei spekesild for det. Når Boge er nemnt hugsar eg spesielt dei nybaka brøda til Sigrid med brunost og sukker oppattpå. Ja, og havregrynsgrauten om kvelden! Men med det aktivitetsnivået ein hadde i løpet av dagen på den tid, var det vel ikkje så løye at ein åt deretter...:-)

Som ein ser, var kallenamna alltid velgrunna i måten vedkommande var på, oppførde seg på, eller såg ut. I dag hadde dette sikkert blitt kalla kreativ tenking, "brainstorming" eller eitt eller anna fancy! Vi var alltid ein god gjeng i lag når slike namn vart påkomne.

For min eigen del kan eg aldri hugse at eg fekk kallenamn som var nedsettande. Men det var jo dei som fekk det òg som "Kanina", "Pisselesten" og "Kobben". Andre namn eg hugsar i farten var "Løken", "Bensinpumpa", "Breset"....

Som kjent, Grautgramsen var ein Alf Prøysen figur. Den gjekk på fjernsynet då "God morgen, god morgen no kjem eg inn til deg".. gjekk. Eg klarar ikkje seie denne strofa, eg må synge ho.... - utruleg enerverande - ho berre er der og dett ut av seg sjølv utan at eg vil det! For moro skuld googla eg "Grautgramsen" i dag. Det kom opp side etter side, om alt mulig rart, men ikkje noko om meg, heldigvis...:-) Følgjande artige klipp fann eg som eit lite "comeback" for "Grautgramsen".. De som er litt oppe i åra tykkjer vel dette er like koseleg som eg.


I Eventyrstund møter vi Prøysen, i lusekofte, sittende bak et bord i Eventyrstudio. Han ser rett på oss:

Ja, nå er det vi som ska ha eventyrstund i hopes. Men å ska vi finna på?
Skulle vøri artig med en trøllgubbe, synes du itte det?

Så dikter han inn Grautgramsen:
- Morn, trøllgubbe (...). Er det itte morosamt å bli dikte’? Du var ittno’du, for to minutter sea.

Grautgramsen er ikke sikker på om han synes det er så morsomt:

- De kan godt dikte meg bort att, for je synes itte det er no’ moro å vara her i skauen helt åleine.

Prøysen forsikrer ham om at han ikke er alene:

- Vi er hos deg, vi!

– Åkke vi da, spør trøllgubben.

– Ja, je og æille unga som ser på fjernsynet, seie je.

– Fjernsyn, å er det for no’, spør trøllgubben.

– Ja fjernsyn, det er ei kasse med knotter på, og så er det et stort bilde utapå, og så er det musikk inni, og sang og viser og slikt. Og synda’n klokka kvart på sju så er det Eventyrstund for de minste.


2 kommentarer:

Anonym sa...

Det er det finaste eg veit….

Gustav Skaar sa...

Takkar anonym for kjekk kommentar!