søndag 11. november 2007

Tøffe forhold i fjellet framover...


MMS: Rennefokk, snø og kuling på Skylefjellet

Tanken på nokon lengre tur vart raskt sløkt då eg vakna i halv sju-tida i dag og høyrde vindkulene og såg snøen utanfor soveromsvidauget. Eg kunne heller ikkje sjå konturane av Skålefjellet på grunn av skodda. Så her var det berre å kroe seg godt i hop under dyna igjen. Eg låg såleis å vrei meg i senga ein times tid til før eg sto opp med ungane (Hanna som eg er bestefar til var på helgabesøk).

Det såg framleis lite lysteleg ut ute då. Og veirmeldingane kl 8 gav klar beskjed om nedbør og vind opp i liten storm om ettermiddagen. Men nordaveir på kysten er ofte lunefullt. Det skiftar veldig fort frå skodde, vind og byer til strålande solskinn og tilbake igjen.
Så etter å ha fått i meg havregryna og eit krus kaffe, gått rundt stova eit par gonger og kikka ut glasa, bestemte eg meg for Skylefjellet. Her var eit lite veir-vindauge på gang. Sjansen for at det vart verre utover dagen var òg openbar.

Turen på Skylefjellet er ikkje akkurat nokon høgfjellstur. Det er heller ikkje langt, 2-3 timar alt etter form og forhold (les: snø å bakse i...). Men her er særs veirhardt. Nordaveiret kjem rett inn frå Stavfjorden. Så òg i dag. Ein skikkeleg, kald kuling møtte meg over Rinda. Endå verre var det oppe ved Mangevatna. Rennefokket sto som eit gòv over rabbane. I sørhellingane for desse låg fokksnøen til nesten opp under knea. Enkelte plassar, eg måtte over, hadde snøen fokka seg slik til at den faktisk gjekk opp på låra...

Når veir og vind er på denne måten er det ein klar fordel å halde seg på steinryggane i terrenget. Desse er ofte avblesne. Men ver obs, steinane er ofte isete. Det kan bli skjebnesvangert å bli liggjande att i snø og kulde med brot etter eit fall. Men det er ikkje alltid det let seg gjere å gå på desse steinryggane heller. Så det vart litt baksing i nysnøen fleire stadar opp i dag.

På denne turen tok eg i bruk La Sportiva fjellskoa eg kjøpte i sommar for første gong. Eg hadde spart dei til haust og vinterføre. Det er sjølvsagt forbunde med større risiko å gå i fjellet om vinteren enn om sommaren på mange måtar. Sko og mønsterdjupne på desse er difor av vital betydning. Eg har i eit innlegg 3.april skrive litt om Icer;s isbroddar og kor viktig dei kan vere å ha med i sekken om vinteren. Hvis du ikkje får tak i dei i din lokale sports-forretning kan du bestille dei her

Ved toppen av Skylefjellet, som er eksponert for veiret i alle retningar, var det skikkeleg utriveleg i dag. Det var utenkjeleg å bruke noko meir tid ved varden enn å skrive seg inn i fjelltrim-boka, for så å komme seg der i frå og finne meir ly for vinden og fokket.

Lenger nede i bakkane traff eg på eit fylgje på 4 stykke frå Askvoll som ville same vegen opp som eg hadde gått. Dei var glade for at det no var trakka spor.

Nede att på Rinda over Yndestad, tjukna det skikkeleg til igjen. Det bles og snøa noko utruleg. Eg kom meg difor raskt ned bakkane og heim igjen, glad for at eg starta turen så tidleg.
Tankane gjekk likevel til tur-fylgjet som truleg var i området ved toppen.
Dei ville få køyrt seg skikkeleg i skodda, kulingen og fokket....Men, eg har ikkje høyrt noko anna enn at dei kom seg ned igjen....

Ein ting er sikkert. Det er tøffe forhold i fjellet framover vinteren! Og ein treng skikkeleg utrustning også på relativt korte turar. Turar og toppar som ligg to-tre timar unna, som ein spring opp på i shorts om sommaren/hausten, kan utvikle seg til reine marerittet med snø, vind, mørke og kulde før ein får sukk for seg.
Dette må ein ha i bakhovudet når ein planlegg turar i høgda framover.

Det er ingen kjære mor i fjellet no lenger!

MMS Skylefjellet 11.11.07

Ingen kommentarer: