fredag 16. november 2007

Storm frå nordvest


Det bles ofte friskt om øyra på Staveneset
(Dette er tredje og siste episode om vind i denne omgang)

Bulendingane kallar ofte folk inne frå fjordane for "fjordkall". Underteikna er vel framleis å finne i denne kategorien. No har eg, når sant skal seiast, litt maritim erfaring frå 15 månader i Marinen på kanonbåt og frå Sjøheimevernet i ein "halv mannsalder".

For nokre år sidan disponerte eg òg (og pussa på!!) ein flott mahognybåt eit par års tid som onkelen min eigde, men utan navigasjonsutstyr "torde" eg meg vel aldri lenger enn opp til Florø og ned i Sula...:)

Som dei fleste veit er eg i dag den stolte eigar av ein 14 fots plastbåt som kòstar bra av garde. Denne ligg trygt i båthamna i Stongfjorden. Eg har difor relativt kort veg ut i havgapet til øyar, holmar og skjer. Turar ut hit sommarsdagen er ei fantastisk naturoppleving. Eg føler meg fri som fuglen når eg kan segle rundt øyane på ramsalt, blikkstille hav! Fleire gonger har eg rett nok fått køyrt meg skikkeleg i havgula, eller når det har blese opp frå nord. Når "småjolla" mi er meir i lause lufta enn nede på bølgetoppane, er det brått ikkje fullt så kjekt lenger! Og utan nyrebelte er det ein prøvelse...:-)

Utan samanlikning forøvrig, stod eg òg ein heil del til rors i Marinen i min pure ungdom. Fort gjekk det her òg, marsjfarten låg vel på 32 knop. Blant holmar og skjer er dette styggfort...!
Men, heldigvis får eg seie, var skipssjefen innafor ein radius av ei armlengde...:-)

Dei siste åra har eg fått segle ein del med dei hurtiggåande- og taxi-båtane frå Florø og Askvoll til øyane ute i havet m.a. Bulandet. No sist til Batalden. Det er dessutan ein flott måte å reise med ekspressen til Bergen frå Askvoll.
Eg let meg stadig vekk beundre av sjøulkane som står til rors på desse båtane. Anten dei er åleine om ansvaret eller ei. Med den største sjølvfylgje, i storm og uveir, manøvrerer dei båtane inn mellom holmar og skjer så sjøspruten står. Inn gjennom trange sund og over leirgrunnar med full fart, utan å la seg vippe av pinnen...Stål i bein og armar, slike gutter vil vi gjerne ha (fritt omsett:-))..! Eg blir nesten nervøs av å følgje konturane på holmane og skjera som susar forbi og nesten skrapar skutesidene...

I stille stunder har eg filosofert litt over dette. Og eg trur faktisk det har lært meg noko. For det første har jo desse sjøulkane opparbeidd seg erfaring i det dei balar med. Erfaring er viktig i alle samanhengar. Ikkje minst gjeld dette i fjellet, spesielt om vinteren. For det andre trur eg òg det er viktig å stå fast i trua, anten det gjeld båtføring, naturvernspørsmål med påfølgjande avisskriveri eller når det stormar som værst i livet på det personlege plan. Det nyttar ikkje å nøle når du fær forbi skjera i 30 knops fart. Det er heller ikkje så lurt å skifte meining då - båtar går dårleg på land! Men ei grunnstøyting kan jo òg gje erfaring....utan å gå nærare inn på det no, har underteikna fått oppleve det eit par vende...!

Sist, men ikkje minst, så trur eg det er viktig å behalde fatninga og roen når det stormar om øyra eller vegen framover blir borte. Uttrykket "kald som ein fisk" står jo skrive i panna på sjøfolk. Eg har opplevd kor viktig det kan vere å opptre slik fleire gonger i fjellet, når skodda har segje på og konturane i landskapen og stien brått er borte. Då nyttar det ikkje å få panikk å springe rundt i vilska og "tåkeheimen"....

Nei, då må ein sette seg ned - få opp blodsukkeret med ein sjokoladebete, noko å drikke og tenke over situasjonen. Truleg lettar det for auga etter ei stund og du ser klart igjen. Hvis ikkje må du føreta eit vegval og halde fast på det.

Sjøulkane ute i hava, som dei seier ute i Bulandet, har mykje å lære ein fjordkall!

Ingen kommentarer: