søndag 4. november 2007

Magiske Nipebu og Driveknolten


Naustet ved Nipebu ligg fint til i terrenget

Den opprinnelege planen for helga var å ta turen til Nipebu lørdag med overnatting. Men Agnar hadde ikkje anledning å gå denne dagen. Veirmeldingane synte òg dårleg veir først på lørdag, men fint søndag. Det vart difor til at eg kutta ut overnattingsturen og lada opp til søndagen i sofaen heime med mange interessante fotballkampar.

Eg avtalte med Agnar om å treffe han i Stongfjorden 07.45 søndagen. Vi ville ta turen til Nipebu frå Rivedal for å sette båten og kanoen inn i naustet for vinteren. Deretter bestemte vi å ta turen om Driveknolten og fjelltrimposten der, før vi returnerte til Rivedal.

Agnar kom han og vi køyrde ilag inn til Rivedal og tok vegen opp til kraftverket. Islandsponniane til Petteren i Rivedal ynskte oss velkomen ved grinda til vegen opp. Agnar hadde med seg diverse utstyr som skulle opp til Nipebu. Han bar ein tung rull med takpapp til den nye utedoen. Sekken var blytung! Eg sjølv bar opp ein kartong med stearinlys eg såvidt fekk plass til i dagstur-sekken!!

Turen inn Vagstaddalen gjekk greitt. Steinane og berga var rett nok litt sleipe både av væte og frost, så litt obs måtte vi vere kor vi sette skorna. Det er unnasols heile vegen inn på denne tid, då Hundeheia ligg som ein rygg i sør inn dalen. Sola fekk vi ved elveutløpet frå Atlevatnet til Vagstaddalen. På brua over elva her er det fantastisk utsikt både innover mot fjellheimen i aust og ned att dalen. I dag var det spesielt fint då vatnet låg speglblankt og sola nett steig opp vest om Driveknolten (sjekk bilder).

Vel framme på Nipebu fekk vi i oss nokre skiver og eit par koppar kakao. Vi skifta litt sveitte klede og skreiv oss så inn i hytteboka.
Agnar tømde båten for vatn og vi rodde kanoen og båten inn mot naustet og fekke drege desse innomhus for vinteren. Det gjekk veldig lett - kom vekttreninga til sin rett..:-)?
Godt kva som er gjort for vinteren - så slepp ein tenke på det:-)

Vi gjekk so beint sørover og ned ei skår (som Agnar har rydda og frisert:-))frå høgdedraget sør om Nipebu til aust om Atlevatnet og vidare aust om Svartetjønna. Driveknolten på 727 moh ligg rett opp fjellet frå sør. Første bratte stigninga opp på myr og mark er blytung...Etter denne prøvelsen skar vi så litt vestover utom dei værste stupa, hamrane og frosne svaberga og kom oss opp på sjølve høgdedraget rett vest om Driveknolten. Vi gjekk så austover fjellet siste delen mot toppen. Rett før toppen traff vi Sigmund frå banken med selskap av kona og søstera hennar. Vi slo av ein liten prat og prisa dagen.

På toppen var det eit lite vinddrag i lufta, så etter å ha fått i oss ei banan, ei skive og noko å drikke, var det berre å ta vestover høgdedraget mot Høgeknolten. Framme på denne bomma vi på skaret som var meininga vi skulle gå (sørom knolten), men gjekk i staden rett på vestover og hamna ned i nokre stupbratte hamrar og frosne sva...

Vi var litt i stuss på om vi kom oss ned - hamna fram på fleire kantar som bar lukst ut i lause lufta...Det var no fortryteleg å måtte gå oppatt heile den lange bakken til toppen av fjellet! Men vi fann til slutt, med hjelp av litt klatring, ned på stien sørvest om hamrane, i enden av skåra vi egentleg skulle ha teke ned.
Pytt, litt spaning må vi jo ha....
Framme på stien her er det praktfull utsikt ned att til Rivedal og ut Dalsfjorden mot Straumsneset og Holmedal (sjekk bilete!).
Det er mange år sidan eg var her sist, og Agnar hadde faktisk ikkje vore her før, så dette var ei fin oppleving.

Turen nedatt sør i Vagstaddalen og kraftstasjonen gjekk heilt greitt. Her i enden av dalen traff vi att Sigmund med damene. Dei hadde gått ned Vagstaddalen der vi gjekk opp til Nipebu.

Vi hadde hatt ein praktfull 6 timars-tur i fantastisk terreng på ein nydeleg dag! Går det an å ha ein betre allehelgenssøndag....?
Måtte vi berre få fleire slike i helgane framover. Ein styrke for kropp og sjel!


Rivedal-Nipebu-Driveknolten-Rivedal 0411-07

Ingen kommentarer: