onsdag 14. november 2007

Eit nytt fartsvidunder


Stongfjorden i låg haustsol rett innom Yndestad

For cirka eitt år sidan kom han Svein frå E-verket og innstallerte ny straum-målar i huset. Ein "Kamstrup" modell som verkeleg glinsa i sølvskimrande grå metallic! Den virka på meg som ein racermodell og fort gjekk han òg...:-)
Mykje fortare enn den gamle modellen vi hadde - tykkjer eg. Digital måling av gjennomsnittsfart og avstand frå A til B...
Ja, på meg virka dette som det ultimate fartsvidunder...

Men trur du ikkje at dei no har kome med 2008 modellen? Den er allereie klar for levering i slutten av november! Selgaren kjem visst 21. denne månaden med vidunderet. Så eg har vel ikkje noko val. Må nok ha siste modellen når den er komen på markedet...
Interiøret er visst stort sett det same som fjorårsmodellen, men utsjånaden er endra og ny metallic er på plass... og klar for endå større fart...og endå større driftsutgifter!
Ei ny finesse som er forma som ei antenne kan visst òg sende fartssignala opp til trafikksentralen på Sandane i ein fei. Så her kan dei automatisk og kontinuerleg lese av farten.

Men er no 2008 modellen eigentleg eit framsteg? Eg meiner eg fint kunne ha klart meg med den gamle, ja, den eldste modellen eg hadde for nokre år sidan fungerte jo heilt fint den òg! Den var grei nok for meg... Forbruket på den var jo mykje billegare og! Ja, og kva kostar ikkje den nye i innkjøp? Blir heller ikkje noko mindre Co2 utslepp når dei skal lage den nye heller...

Vel slik er visst livet..Eg har ikkje noko val. Eg må vel berre halde meg oppdatert på det nyaste som finnst på markedet. No håpar eg berre Kjellen, naboen, ikkje får same 2008-racermodellen som eg. DET ville no vere fortryteleg!
For det kan no vere kjekt å vise fram det nye vidunderet som har alt dette fancy utstyret òg! Kan det ikkje?