fredag 26. oktober 2007

Midt i smørauget


Utsikt f.v mot Skålefjellet, Yndestadfjellet, Toreheia og Ytrevågefjellet. Osland t.h. Yndestad er bada i sol.

Eg hadde egentleg slege frå meg tur i dag etter å ha sett veirmeldingane i går, der dei melde overskya og faktisk opp i sørleg storm på kysten. Meldingane for indre strok var rett nok noko betre. Dette såg ut til å halde stikk då eg såg ut glaset i dag tidleg. Vinden hylte oppe i Yndestadfjellet. Typisk sørleg vind som tek skikkeleg oppe i fjellet, men lite nede i sjølv Stongfjorden.

Eg fekk Peter på skulen. Deretter tok eg eit lite nødvendig ærend til Askvoll. På Ringstad såg eg at skylaget var mykje lettare inne rundt Dale. Ja, sola skein utover Heileberget nesten til Rivedal.

Agnar i Førde kunne stadfeste at meldingane heldt lag. Rart kor forskjell det kunne vere på skylaget berre på nokre kilometer. Det var omtrent som Vår Herre hadde brukt linjal på himmelen, der det var klårt på eine sida og blygrått på den andre.

Eg ombestemte meg på flekken i Askvoll, fekk gjort det eg skulle, og kom meg strake vegen heim. Undervegs fann eg ut at Stordalsfjellet kunne vere eit flott mål. Det låg rett nok i grenseland for veiret, men det var allereie langt på deg då klokka viste halv tolv. Så det var ikkje tid til køyring eller dikkedarier...:-)

Eg pakka fort noko vindtett i sekken og køyrde rett på Osland. Her oppe bles det allereie så grådig at eg lurte litt på om dette var særleg lurt. Men samtidig var sola på gang - ein psykologisk push i rett lei! Frå Oslandsbotnen og opp Brekka var det lite vind, då dette området ligg i le for synnaveiret. Men på toppen av Brekka kom vinden omlag som gjennom ein turbin frå Botnastølen og ned. Her var det så vidt eg greidde å kome meg av flekken. Det bles så det hylte rundt øyra!

Frå Botnastølen og opp i Porten er det unnasols på denne tid, men området ligg òg litt i livd for sørlege vindar. No var sola komen skikkeleg gjennom skylaget, faktisk så langt ut som på Toreheia. Det var nesten ikkje ei sky på himmelen. Lenger ute låg himmelen som eit mørgeblått lok over landskapen (sjekk hovudbildet).

Eg visste kva som venta meg i toppen av Portaskaret...Her er det veldig eksponert for vind frå sør. Eg tok på meg ei ekstra hue nett under toppen av bakken. Etter å ha vandra i skuggen i ein halvtime kom sola akkurat over kanten då vinden traff. Nesten litt surrealistisk! Og det bles, ikkje berre litt, ikkje berre ganske mykje heller, men noko så bort i staur og veggje at eg ikkje kan minnast maken sidan Nyttårsorkanen...! Halde seg oppreist var komplett umogeleg! Eg krøkte meg i hop og gjekk meir på fire enn på to og kom meg rykkvis og delt vidare opp gjennom skaret under Portafjellet, tidvis litt i livd, men stort sett så utsett at eg lurte på om dette var særleg lurt! Ganske luftig er det jo òg opp her! Men sola skein den. Og var det ikkje litt moro òg? Nokre kvite skydottar fauk over himmelen som reine jetjagarar frå sør mot nord!

Dette minte meg nesten om jetvindane eg hadde lese om på 8000 meters toppane i Himalaya. Der det kan vere nesten dørgande stilt i Base Camp (BC) og fint veir, medan det er orkan lenger oppe i fjellet.
(Det er vel dette som gjer at vindmøllene blir høgre og høgre og!)

Vel, eg kom meg opp heile skaret under Portafjellet og runda her mot aust. Akkurat i søkket oppe var det dørgande stilt! Men nokre meter lenger framme forbi eit hammarslag bles det så grådig at vassgòvet sto frå ei lita tjern som låg på toppen. Javel, det var berre å bite det i seg igjen. Eg var nøydd å runde under toppen på Portaskaret for å kome meg rundt og opp på Stordalsfjellet. Rundt hammaren tok vinden meg i ryggen så eg nesten vart slått magelengs rett i bakken. Det er slik at for å kome seg opp på Stordalsfjellet må du snu heilt andre vegen mot sør for å gå opp siste ranen mot toppen. Omtrent som svingen på krysset i Stongfjorden, 180 grader heilt rundt...:-) Og her fekk eg vinden motsett - midt i fjeset. Det var faktisk ein kjempe-utfordring å greie å stabbe seg opp ranen til toppen.

Framme med varden var det litt meir livd då synnavinden traff som reine eksplosjonen i sørveggen rett framom. Eg har sett på film at når vinden treff ei stor flate direkte, gjer han ein bøy akkurat over kanten på flata. Det var akkurat det som skjedde her. Den traff sørveggen av fjellet og bøygde av oppover ved varden for så å slå ned igjen rett nordom på ranen!

Puh - dette var litt av nokre greier! Eg lurte på om Agnaren trudde meg etter SMS;en eg sende han eller han meinte eg berre overdreiv. Sikkert det siste. Men som sagt, eg trur ikkje eg har opplevd maken! Forsvarleg hadde det vel vore....?

Etter å ha teke nokre bilder og fått sendt eit par SMS;ar til, bestemte eg meg for å ta turen oppom Portafjellet. Dette ligg no minst like utsett til! Men, det var jo moro òg dette! Var ikkje kvar dag det bles slik, jamvel her ute der tregrensa er på eit par hundre meter. Ein opplevelse for minneboka mi! Og vindjakka hadde eg jo tatt med. Endå ei hue hadde eg igjen òg som ikkje var våt av sveitte - gohua frå Bergen!

Ned igjen ranen same vegen eg kom opp, men no var jo møya å halde igjen for vinden og ikkje sigle ned hamrane som reine paraglideren uten skjerm...
Med ei viss møye gjekk det på eit vis. Turen skulle jo ha vore filma - kanskje førehandsomtalen var ein komedie...:-)

Hamrane opp på Portafjellet låg litt meir i livd (øst/vest) for vinden. Så turen opp her gjekk fint og raskt. Men mot toppen var det berre å gjere seg klar igjen...Og vinden traff som eit hammarslag i trynet...Eg kom meg nokolunde i livd rett under toppen mot vest. Her er det fantastisk utsikt vestover, mot Stongfjorden, fjella og havet (hovudbildet er teke her)


Eg låg ei stund på tørre, vindblåste marka og nytte utsikta. Eit fantastisk skue mot alle fjella og fargane, og dei stadig skiftande skyformasjonane på himmelen. Sola endra lyset og lèten frå gull til svart og alle variasjonane inn i mellom. Utruleg! For eit spel! Ein lysorgie...! Ein opplevelse for livet...

I dag fann eg ei ny skår å komme meg ned frå skjeringa mellom dei to ovale toppane på det sørlege Portafjellet. I skåra ned frå toppen mot sør traff vinden igjen som lufttrykket frå ei bombe gjennom søkket som var forma som ei trakt på ein vindtunnell. Eg måtte delvis krype meg over toppen og nedover. Eg var ikkje sikker på om eg kom meg ned på stien igjen eller ei, men det såg lovande ut..

Heilt nede i botnen mot stien eg runda opp mot Stordalsfjellet var det kritiske punktet. Her var det nesten loddrett ned over ein hammar. Eg bestemte meg for å prøve og heiv stavane utfor og klamra meg fast med fingrar og dei slitne, gamle fjellskoa mine nedover (dei nye vil eg spare til vinteren!). Nesten nede, og omlag over dei siste 5 meterane mot stien, var det berre å sigle utfor og la det stå til...I botnen av bakken ut av skåra låg ei sundetrakka ause og lo etter at alle kroppsdelane var funne i orden...:-)

Ned Portaskaret var jo sjølvsagt vinden motsett av i stad. No i ryggen. Det var berre å krøke seg saman og halde i mot det eg vann. Unnateke eit par småfall nedover kom eg meg rimeleg greitt og raskt(!)over bakkekammen og i livd.

Mot Botnastølen og Oslandsbotnen var turen berre piano. Men utruleg nok, etter å ha hatt sol heile turen, var det omlag som Vår Herre hadde ein finger med i spelet igjen på dette merkelege veiret. For på Botnastølen vart dagslyset omlag slege av. Jaha, så heldig går det an å bli. Eg hadde akkurat fått den sola som var hos oss denne dagen - og den hadde eg fått oppe i jetstraumane på Stordalsfjellet og Portafjellet! For ein flaks, for ein unik tur i magisk natur, den går rett inn i minneboka mi...! Det er berre så livgjevande å få oppleve å gå i fjellet igjen...



Stordalsfjellet og Portafjellet 2610-07

Ingen kommentarer: