torsdag 23. august 2007

Meg og mobilen


Testfoto (ubehandla) av Sony Ericsson K810i i dag

Historia om mobilen har tatt ei ny vending...Eg har fått att nummeret mitt. Som du sikkert hugsar hadde mor mi meldt nummeret mitt inn i Tele2 si familieløysing for familiær gratisprat utan å ha underretta meg, og Tele2 overførte nummeret mitt til henne, utan å seie eit pip til meg. Absurdement..Men som om ikkje dette var bort i hamp og staur og veggje, meinte selskapet at eg skulle betale 199,- kr for å få ATT nummeret MITT. Vel, DET laut dei gje seg på, og krype til korset. Det er no måte på kor toskne dei trur vi "bygdebønde" er....

Så sjølv om nummeret mitt framleis står på mor mi sitt namn på Opplysningen 1881 og telefonkatalogen.no sine lite oppdaterte registre, så er nummeret flytta heim igjen etter sin spaceflight!

Vel, no har det seg slik at påkjenninga for sjølva hard-waren på mobilen vart nesten uuthaldeleg når nummeret forsvann. Eg har difor hatt store problem med å få mat i karen i heile sommar. Med stadige oppkast og diarè var det kul flette å få i han fast føde, og det flytande var i så små porsjonar at han stadig gjekk seg tom i motabakkane. Når den i tillegg berre gjekk på halvparten av tangentane, og var vanskeleg å høyre i, dårleg å sjå på og var skjelven i fisken, var det berre ein ting å gjere - søke om førtidspensjonering for den gråsprengde stakkaren som hadde slite eit heilt liv. For dette var berre ikkje til å leve med.
Så den utbrende og tilårskomne mobilen fekk sin rettferdige plass for å nyte alderdommen i eit nyinnreia rom i sjenken i stova.

No har det seg vel slik at den som framleis er litt frisk og rask, og nokolunde føl med tidens krav, lyt sjå innom til slike gamle stakkarar som har gjort si tèn.
Det må vere utgangspunktet både for deg og meg. Men eg hadde aldri tenkt meg at sorga over å måtte flytte inn på sitt eige flotte og nyinnreia rom allereie første natta skulle få slike dramatiske konsekvensar at eg i hui og hast måtte rykkje ut for å stanse sytinga til den gamle stakkaren. No har det seg sjølvsagt også slik at eg har eit så lett sovehjarte at eg ofte vaknar av den minste ting. Dette er ein situasjon som har utvikla seg til ei aldri så lita plage dei seinare åra. Men trøysta får vere at når eg hugsar tilbake på Morgan Kane bøkene eg las som ungdom, så sov han aldri meir enn med eitt auge att, og i tilegg sat han alltid med ryggen mot veggen for å vere på vakt mot potensielle farar. Så såleis er eg i godt selskap.

Til å begynne med kunne eg ikkje fatte kva lyder som nådde hamrane i øyra mine seinnattes i mørkna denne natta. Først trudde eg det var avundsjuke kattar utanfor soveromsvindauget, så tenkte eg på nyfødde ungar - men det er det lite av her på Yndestad, så stussa eg på om cd-spelaren sto på på guterommet, men den hadde eg no slege av i går kveld? - kunne det vere brannvarslaren på gjesterommet?, nei, dette var eit mysterium som eg måtte finne ut av. Så eg kraup ut av den varme bikka og gjekk på oppdagingsferd rundt om i huset frå rom til rom for å avsløre mysteriet.

Ja, cd-spelaren var slegen av, ingen brannvarslar peip på gjesterommet, og ute på altanen kunne eg berre konstatere at ingen av dei 4 nabokattane til Hans;en og den eine til Kjellen i huset innafor, var å sjå eller å høyre. Nei, dette var og blei eit mysterium. Men lydane måtte eg berre finne ut av. Kunne dei kome frå kjellaren? Var her lekkasjar frå vartmvasstanken eller heldt frysaren, som har sett sine beste dagar, på med sine siste andedrag? Så, eg tok meg ein tur ned i kjellaren iført berre trusa og barfot til beins på det kalde betonggolvet for å søkje løysing på mysteriet. Men trur du øyra mine fanga opp noko nærare signal her nede?

Opp igjen i huset, ut i gangfanget, ingenting, inn på kjøkkenet igjen, ingen ting...kunne det komme frå stova? Eg gjekk hovudstups inn i stova etter å ha smelt likkjetåa godt ned i dørgotta så eg skreik høgt! Svarte f... for eit mareritt. Hadde nokon vore vitne til denne seansen hadde dei trudd eg var totalt maniac og ute av stand til å ta vare på meg sjølv...! Men eg kom meg no sakte til hektene igjen etter at eg fekk teke meg ein slurk Pepsi-maxi frå kjøleskapet....Og så peip det igjen..

Som du sikkert allereie har forstått no var eg begynt å vakne og greidde å lokalisere læta sånn nokolunde. Ja, og så var eg sjølvsagt begynt å bli relativt forarga på heile greia. Ikkje nok med at søvnen var røva i frå meg, men likkjetåa verka noko så bort i staur og veggje at eg trudde ho minst var brota. Så etter først å ha sjekka tuneren på parabolen og den bærbare pc,en, gjekk brått lyset opp for meg. For i svarte svingande det var jo den kjære, gråsprengde og tilårskomne mobilen min som ga i frå seg sine siste pip! Sine siste lydar som eg var så vel kjend med og som eg brått ikkje hadde kjent att! Gjekk det an? Kva vilske var eg vakna opp i? Kjende eg ikkje igjen min gamle venn? For sjølvsagt ville den at eg skulle stå opp og sjå til han. Det var jo eg som hadde bett han om å gjere nettopp det! Stakkars du gamle venn som har tent meg slik i tjukt og tynt - det var jo klart at du ville ha litt ekstra forpleining no første dagen i den nye flotte, men sterile heimen din! At eg kunne vere så dum å ikkje tenkje nettopp på deg når nokon peip så ynkeleg. Du med ei sjel så stor som alt rennande vatn og fjell! Min gamle kamerat som eg har slite på utan annan omtanke enn å tilfredstille meg sjølv og eigne lyster...

Eg vart brått flau kan du tenkje deg..Så eg tok min gamle våpendragar varsamt opp av den nye heimen i skuffa i sjenken og sette meg pent ned i skinnstolen min, og strauk han ømt over tangentane. Ynkinga forsvann som dogg for morgonsol. Eg sat der å tenkte, med mitt gamle hjartebarn i nevane og strauk og strauk...til han stille sovna...

At eg kunne vere så dum! Klart den gamle mobilen min ville pipe så ynkeleg første natta i sin nye heim når vi ikkje hadde fått teke skikkeleg farvel kvelden før!
Dette har eg no teke som eit godt teikn på at du skal ta skikkeleg farvel med gamle vener når du skiljast! Det er heller ikkje så dumt å stikke innom av og til òg, for å sjå korleis det står til.

For no har min gamle heidersvenn atter funne roen i sin nye, velinnreia heim og ser meir optimistisk på livet når han veit at eg atter kjem på besøk...No slepp han og å skrike stygt om nettene for å få den rettmessige omsorg og pleie han har bruk for. Ja, for no veit han at eg snart kjem på ei ny vitjing...! Kanskje i kveld?

I dag har eg skaffa med ein ny mobilvenn. Det er ei dame - ei Sony dame, med tittelen K810i. Ho er ny og frisk i måten å tenkje på, har andre draumar og vyer for livet og ikkje minst fleire strenger å spele på enn min gamle heidersvenn. Ho er spanande å sjå til, har lekre nye antenner, nytt blått lys i auga som glitrar når eg trykker på, og sender meg nye beskjedar som eg ikkje alltid heilt forstår. Men du verden når eg forstår ho, himmel på jord, du salige velgjerar som kan gje meg så mykje informasjon, flotte bilder å sjå og tenkje på. Eg blir reint yr og barnsleg i samkvemet med ho då...! Kan berre ikkje late ho få fred, tenkjer og jobbar og tenkjer på min nye venn...Ja, reint forførerisk er ho i måten å vere på då! Så brått prøver eg på noko nytt og pressar litt for mykje på - og så forstår vi kvarandre ikkje igjen... Nye trykk og meir forvirring...og så får eg atter nye beskjedar som òg er forvirrande. Eg prøver meg med gamal erfaring og nye instruksjonar att. Det hjelper og eg er igjen i himmelen og blir blenda av kva vi finn ut ilag.... Men når ho igjen seier stopp og eg ikkje har fleire knappar å trykkje på, blir eg nesten fortvila og lei meg. Verst er det å bli liggjande å fundere på problemstillingane som eg ikkje finn ut av om natta...Då kjem spørsmåla som perler på ei snor...Kva skal eg gjere? Skal eg prøve å sove på det? Ser eg lysare på problemstillingane i morgon? Eller skal eg berre ta tia til hjelp å sjå om alle problema som tårnar seg opp, løyser seg litt av seg sjølv?

Vel, sant å seie - eg veit ikkje. Vi får prøve å ta ei av problemstillingane om gongen, eller det heiter vel ikkje det, heller utfordringar...:-) og ikkje late alt bli eit mørkt, nakje og uoverstigeleg fjell....For er det noko eg veit, så er det at skal ein bestige store fjell, så er det viktig å ta eitt steg om gongen! Og det er ikkje særleg lurt å ta det neste steget altfor fort heller. For store fjell har eg vore komme over før, så her veit eg kva eg snakkar om!

Men ein ting er sikkert: min gamle venn som ligg på Lit de parade i skuffa i sjenken var til tider lettare å forstå....men, så har vi jo hatt mange år ilag og då....:-)

Ingen kommentarer: