søndag 19. august 2007

Trenar du?


Motiv frå nedstigninga av Toreheia mot Krækavatnet i Stongfjorden

Fredag prøvde eg treningsfasilitetane i trimrommet i banken. Kjellarrommet er godt utstyrt m.a med tre syklar, multi-løfteapparat, ribbevegg og diverse. Her er og god dusj og badstu. Det er ei stund sidan eg var ned i kjellaren, men det gav meirsmak. Ikkje det at såpeseriane på TV2 som eg såg på då eg sykla var så morosame:-), men det var veldig godt å trene rett etter arbeid - i motsetnad til etter at eg er komen heim, då eg ofte er trøtt etter pendling og middag. Eg kjem difor til å trene meir i banken i haust.

Etter at eg fekk svar på MR-undersøkjinga av kneet, og må inn til ein kikholoperasjon i Bergen, ser det ut til at eg må trø ei stund til. Menisken var skrøpeleg, men ikkje avreven. Det var òg gamle skadar i kneet som eg ikkje veit kor tid er komne. Kneet var og fylt med gamal brusk som må skålast ut.
Har høyrt av du kan følgje med på ein skjerm medan legen gjer dette. Sjølve datoen for inngrepet har eg ikkje motteke endå.
Bror min, Sillan, (blant venner) var inne til nett same inngrepet og vart utruleg fort heilt bra igjen. Så det her ser eg optimistisk på...

Då eg har gått mykje i fjellet seinare åra har dette slite på knea. Spesielt springinga nedoverbakke har vore ei stor belastning, då støtet av heile vekta fell på knea. Rolf K. har lært meg at eg faktisk må trene styrke for å få betre muskulatur rundt festa. Ein skulle tru at når ein gjekk mykje ville dette komme av seg sjølv, så er diverre ikkje tilfelle. Det blir for lite oppbygging av musklar berre ved å gå.

Ein annan ting eg har lært meg, er at overkroppen får altfor lite styrke med berre å gå i fjellet. No brukar eg alltid stavar, så dette hjelper litt, men faktum er at når du forbrenn energi og feitt, så er det overkroppen som blir mest tappa. Difor har eg starta med vekter for også å få litt meir styrke i overkroppen. Dette skal også hjelpe godt på når tursekkane blir ekstra tunge. Ved å gå mykje og fort får du sjølvsagt god kondisjon. Men styrke er òg veldig viktig m.a for å unngå belastningsskadar.

Nokon som er oppgidde over veiret? Gårsdagen var jo ikkje betre enn resten av sommaren. For mitt vedkommande gjekk den med til musikk, rydde i gamle LP,ar, CD-samlinga på guterommet og vere vitne til ein fotballkamp med elendig resultat:-(, skal ikkje kommentere det nærare!
Peter hadde ein kjempedag på besøk i Grimelia. Marie var på jobb i butikken. Og fruen fòr på Skåla i det mistrøstige veiret i gryotta i lag med Anita og Dag Tore. Med snø og skodde på toppen var det visst ei tøff og våt oppleving..

I dag reiste Olaug og Marie med siste flyttelasset til Marie til Dale. Ein ny epoke har starta. Hybelliv og vidaregåande for henne, og tommare hus for oss. Største endringa blir det vel gjerne for Peter som ikkje har henne å stulle med i kvardagen.
Viser elles til eige stykke om Marie 3/8...

Som "hjemme alene" nytta eg sjansen til trening igjen i gamle losjehuset. Det er faktisk skikkeleg kjekt å få sveitta godt ut på sykkelen, løfte vekter, ta situps etc, og samtidig sjå ut på det elendige veiret! Då gjer veiret meg ingenting. Det er faktisk ganske morsomt å tenke på alle som sit og ergrar seg over det, og ikkje gjer noko med det:-)

Trening hjelper både fysisk og psykisk på alt frå kondisjon og styrke til knær og dårleg vær...:-)

Er du ikkje komen i gang, så snu deg rundt. Start forsiktig, trinn for trinn og ha tolmod - då misser du ikkje lysta.

Har du heller ikkje slutta å røykje, tar du det i same slengen. Regulèr kosthaldet litt samtidig, og vips er du frisk som ein fisk og eit heilt nytt menneske!
Ein sunn kropp i eit sunt legeme med masse sjølvtillit...
Og som ikkje det er nok får du vektreduksjon med på kjøpet! Er det noko å vente på?

Lukke til!

Ingen kommentarer: