torsdag 19. juli 2007

Spikra i minnet


Når natt går mot dag ved Nipevatnet denne sommarmorgonen i fjor!

I desse reprisetider med manglande redaksjonelt stoff og kneproblem, gjengir eg stykket mitt som stod i Firda i vinter under serien "Spikra i minnet"....

Det er ferietid. Sommaren 2006. Berre tanken på å sleppe pendlinga til Førde nokre veker gjer meg lett til sinns. Eit hav av mulegheiter. Altanen ligg nyolja og sommarmøblane brenn i solsteiken. Nærast lokkar meg til å flate ut. Fjellheimen kallar og kallar. Kva sytten skal eg velje? Skal eg reise vekk? Jotunheimen eller Stølsheimen? Skal eg ta postane på fjelltrimmen? Ja, og så ligg båten klar i hamna …Valgets kvaler og atter kvaler. Eit eldorado av kjekke fritidssysler ligg å ventar.
For eg har ordna meg fint. Olaug har ei veke igjen på jobb før ferien. Og Peter likeeins i barnehagen. Ahhh – du har det så uendeleg godt Gustav, kling det gong etter gong i øyra. Så slår det meg. Kvifor reise vekk? Eg bur jo på verdas beste ferieplass. Med dei flottaste fjell, og fjorden nett nedom huset. Havet med alle øyane ligg like i vest. Hit kjem tyskarane i hopetal om sommaren, ja, plassen dei har gledd seg til å komme til resten av året. Ja, er det ikkje akkurat det som gjere at eg bur her? I vakre Stongfjorden?

Då er det avklara, men kva no? Så tikkar det inn ein SMS, er det frå Agnar eller Roald? Hugsar ikkje. Ja svarten, Nipebu…. NIPEBU! Eg må jo sjølvsagt dit! Langevatnet og Nipevatnet er opna for fiske i slutten av mai. Å tenk, dei slupsa vi har sett frå altanen i solnedgongen der oppe….Synet brenn på netthinna. Ro deg ned, det hastar ikkje slik med å komme seg av garde. Har jo dagesvis til disposisjon.

Eg fortel fruen om planane mine då ho kjem heim frå jobb. Er ho litt letta? Er ho kanskje redd ”solrøven” skal ta meg på ei sveitt solseng på altanen? Eg flin godt for meg sjølv…Eg er biten av fiskebasillen. Den er det ingen kur mot.
Men ekspedisjonen må nøye planleggast. Påfyll av slukskrinet. Håven er vel heil etter i haust? Og begge lettspinnstengene må vere med. Ei til convoy med tjukkare gøtt. Og ei til vanleg lettspinn med 0,15 eller 0,18 gøtt. Ekstra gøtt må handlast. Ja, så må det plukkast makk. Ser convoyane sist brukt i Haukedalsvatnet bra ut? Eller må eg ha nye?

Då fiskeutstyret er fullstendig under kontroll, set eg meg ned på altanen og skriv ut resten av lista på utstyr og mat og er klar på ein dag. 85 liters sekken er fyllt til randa med godsaker. Så er det berre å køyre det vesle stykket opp til Markavatnet med luksushytta Nipebu som mål. Den godt merka stien kan eg i blinde. Sjølv ein med cafe au lait som nippedrykk og fortausrestaurant som spelearena vil finne fram.

Allereie oppe ved skiltet til Nipebu merkar eg at klokka går litt seinare. Feriekjensla og roen senkar seg – stille, på vandring langs den oppgådde stien, delvis på gamle fururøter og kvartsstein til demninga av vatnet.
Ved Grunnevatnet blir kjensla av urørd natur fullkomen. Idyll og atter idyll. Elvar og fossar sildrar og klukkar ned i det vakre grunne, skinande vatnet. Verbitte furutre i alle fasongar. Eit urørt landskap slik herren skapte det.
I ura nedom Krokavatnet har eldsjelene i turlaget, Jens Petter og Agnar, laga bru. Sirleg over bratte, glatte og vanskelege kampesteinar ligg ho. Unikt engasjement. Sjølv bestefar kjem seg no opp desse ulende hamrane.Ved Krokavatnet er det tid for velfortent drikke. Jammen er sekken tung, sjølv om eg har prøvd å redusere tyngda til eit minimum. Nordre og Søndre Kringla ligg bada i ettermiddagssol. Småkjøa vakar varsamt i yta. På vakt i det klåre fjellvatnet. Vaka føl meg i sinnet opp svaberga til under Hengenipeholten. Nipevatnet ligg så stilt så stilt i ettermiddagssola. Er det mogeleg å få fisk her då? Tvilen set inn...Er veiret alt for fint? Er natta for lys så nett etter Jonsok?

Tyngste stykket til Nipebu er skaret opp mellom Fossedalshengenipa og Hengenipeholten. Tid for å bite tennene i hop. Tankens flykt til andre sfærer enn det neste steget. Og så brått er du oppe under toppen på mektige Fossedalshengenipa. Den innoverhengande fjellsia er ly for folk og fe. Du rundar så kanten av Hengenipeholten og ser vestover til dei tusen sjøars land. Vakkert ligg Nipebu på sørsida av Langevatnet. Umerkeleg, i eitt med terrenget. I aust kneisar majestetiske Blegja og Ertrenipa. I sør Heileberget og litt av Dalsfjorden. Vatn på vatn, pyttar og tjern. For eit land – for eit gudommeleg land, så jomfrueleg, nakje og bart, men likevel så rikt. Til evig tid.

Sist biten til hytta er det berre å gje på. Lysta på å få av seg sekken er stor. Vel framme er det berre å låse seg inn. Nøkkelen heng på veggen. Heilt åleine – ohh kor herleg.
Nipebu, du herlege Nipebu...

Etter ein god matbit er det berre å rigge til fiskeutstyret. Båten ligg på plass. Årane finn eg i hundehuset. Og så er eg klar. Blodet pumpar. Her er fisk, men korleis ser den ut? Lysta på å finne ut dunkar i skallen. Eg prøver convoy først. Ei skikkeleg makkeklyse blir egna på ongelen. Finn takten og kjenn rykkinga i skeiene. Jau, den går fint. Men akk, eg ror - og ror. Skiftar makk. Og ror. På nordsida og ut i vestre delen. Innatt på sørsida. Ingenting. Det er for fint veir. Nei, det er for tidleg på kveld. Convoy er ikkje tingen. Tolmod er ein dyd seier dei. Her er fisk, det veit eg.

Gostanga - President med Shimano 500, full spole med 0,18 gøtt og 7 gram Sølvkroken Spesial i bronse med raud bakside. Er det forsvarleg med så lett utstyr..? No skal det bli andre bollar. Eg dorgar vidare. Kjenner trebolane alt. Ja, så men, Shimanoen kvin til i to lange ras og ei blank kjø fær som ein rakett opp av vatnet 30 meter bak båten. Hald gøtten stram. Etter to ras til og lett køyring, ligg ei sprell levande 4 hekto kjø i håven.
Ååå, mi første kjø i Langevatnet - for eit syyyyn, som ei blank sjøkjø, så feit, så lite hovud. Eg
må sløye den og jaaa, den er knallraud i kjøtet. Nett som Haukedalskjøa. Perfekt steikefisk!
Spaninga er utløyst og pulsen søkk. Det er kveld og eg kjenner brått at eg er trøytt. På veg til hytta får eg ei til. No vil eg kvile litt og prøve Nipevatnet i gryotta.

Eg ligg lenge i lakenposen før eg sovnar. Tankane spinn til Nipevatnet. Eg har knapt hatt blund på auga då mobilen ringer kl 0300. Eg får i meg nokre raske skiver med pålegg frå det rike proviantlageret til hytta. For ein luksus.
Det er allereie bra lyst ute. Eg dorgar meg inn i osen i austenden av vatnet. Og jammen får eg ei til av same slaget som i går kveld. Perfekt. Eg set att båten ved osen og går opp i Nipevatnet.

Ikkje ein lyd er å høyre. Ikkje ei krusing krummar vassyta. Nokre lette fjærskyer leikar i grytidleg morgonsol i nord. Som om eg var åleine i verda. Berre eg og tankane. Er det mogeleg å få fisk frå land her då? Eg nærast ålar meg som ein indianar godt oppe på land. Kan ikkje skremme fisken no. Han står sikkert heilt opp under land på dette belet. Og kastar. Eg føler plasket til sluken gir gjenlyd langt oppe i fjellet.

Etter ein halvtimes tid skjer det. Eit vanvittig tilslag. Kva i himmelens navn. Gøtten kvin av Shimanoen så vasspruten står. Eit crescendo. Puls på 150, hjarte i halsen, roleg, roleg, ikkje miss han…. Eg går i eitt med dyret av ei kjø der ute. Bremsa, eg og dyret. Tida står stille. Ikkje ei unødig rørsle. Ikkje eitt knepp for hardt på bremsa. Ras ut og stram. Om att og om att, på 0,18 gøtt! Kvar er håven? Jau, han heng i beltet. Eg køyrer og køyrer. Fisken sit. Det er nesten for godt til å vere sant. Klarar eg dette? Nei, ikkje tenk på det...Roleg. Og kjøa kjem inn. For eit monster. Eg trur nesten ikkje det eg ser.. og bommar på håven. Nesten, men berre nesten..og eg har sytråd på snella. Fisken rasar ut igjen. Inn att og ut igjen. Same leksa! I himmelens navn kva skal eg gjere? Kor lett er det ikkje å misse fisken når du skal lande han. Den kjem inn igjen, no på sida og ut igjen så vassføyka står. Eg går varsamt uti vatnet og fisken kjem inn igjen for nte gong. Fører håven varsamt bak monsteret. Hiv heile stasen opp i lyngen og hoppar etter.
Eg skrik. Åleine. Eg rullar meg i lyngen med kjøa, gaular av full hals. Den er mi. For svingande den er miii.
Kringshyla skræmer sikkert geitene til Gunnaren oppe i Hengenipeholten. Klokka er vel fem.
Tok det 20 minutt eller ei æve?

Eg ligg på ryggen i lyngen med kjøa i armane og ser opp i ein azurblå himmel.
Så renn sola over Fossedalshengenipa og badar landskapen i gull. Sommarmorgon på Nipebu. Eg er det lukkelegaste menneske på jord.

På Nipebu heng omrisset av kjøa spikra i plank. Ta deg ein tur opp og sjå......

Ingen kommentarer: