fredag 20. juli 2007

Sol og sommar i Stongfjorden



20/7 Så fekk vi besøk av eldste dotter mi Margunnn med barnebarna mine Hanna og Sander frå Førde. Ja, så kom Odd, bror til Olaug, og Ellen frå Oslo på ein helgevisitt. Midt i raspeballane kom og Kristine, mi nr. 2, og Rudi innom frå Holmedal. Ja, vi vart ein heil gjeng på altanen og i huset. Kjekt med litt låt og læte!
Raspeballar og familietreff


17/7 Ikkje heilt lett å halde liv i bloggen i desse ferietider. Været er jo elendig og tiltakslysta deretter. Men vi har fått tapetisert opp igjen rommet til Peter. Elles er eg ein ihuga lesar av Bergens Tidende vorte. Bra miljøstoff for tida anten det gjeld kraftlinjer eller småkraftutbyggjingar.

Med dårleg kne, gjentatt til det kjedsommelege, er det lite fjelliv f.t. Det er berre å drøyme om - har vondt berre eg går ned kjellartrappa. Trøysta er båten. På Hollevikflua i dag kunne eg ause opp makrell! Gav meg etter ei lita stund med ca 20 stk. Eit vanvittig liv av måsen med ei slosting og eit skrål då eg sløygde fisken. Nokre stod på båten framme - og ikkje nok med det - det var pina dø ein som stakk av med ein makrell som eg hadde liggjande oppe i båten og, etter at dei var sløgde. Eg trudde nesten ikkje mine eigne auger - vel tapet var ikkje så stort at det gjorde noko, men derimot opplevinga....:-)

Vi får håpe på betre veir framover. Torsdag og fredag ser lysare ut...! Skulle teke nokre meir bilder etterkvart, sjølv om det dessverre ikkje blir frå fjellet. Det hadde vore utruleg kjekt å fått fiska litt med lettspinn på Nipebu no sommarsnatta....! Etter rapportane å dømme er det visst til tider trangt om plassen der oppe no med 70 overnattingar siste veka. Det er veldig oppløftande!


10/7 Samkome heime med Håvard (elstemann til Olaug) og Miriam med Kirsten og Ola som er utviklingshemma. Lappar, nyrørt jordbærsyltety og kake gjekk ned på høgkant.

Peter og eg har fylt dagen med ein handledag i Førde og ein tur på sjøen. Peter var veldig opprømt då vi fekk 10 pirar i går, men i dag var dei borte vekk - som han sa "pappa her var jo tusenvis i går, men ingen i dag.....". Slik er det å prøve og forklare ein 7-åring at det er det som er spenninga med å fiske...I går ville han ikkje til lands igjen, men i dag var det bom stopp etter ein time.
Det ligg vel ein del psykologi i akkurat det.

Kraftlinjedebatten og trasèval går vidare. Det er fin stemning med energiselskapa etterkvart. Utanom å seie noko meir om det... er eg faktisk ganske optimistisk akkurat no, så då må eg prøve å få desse tankane ut av hovudet i resten av ferien. Det er faktisk litt plagsomt når det føl ein frå morgon til kveld - og av og til om natta...!

Sagaen om kneet mitt går og sin gang - eg har vondt berre eg går ned til sjøen. All form for fjellgåing har eg difor lagt på is inntil eg får svar på MRen eg har time for 6.august. Vonleg kjem eg til før dersom dei får avbestillingar. Denne situasjonen slit voldsomt på humøret, men eg lyt berre sjå på det som ein overgang...


7/7 Eg seier med Jakob Sande "takk for det fine veret høgt opp i himmelen". Nok ein fanatastisk solrik dag med temperaturar høgt på tjuetalet. Tok ein tidleg båtur rundt Staveneset før brisen sette inn. Sollyset er berre utruleg flott tidleg om morgonen ut fjorden.
Seinare på dag vart det altanliv og grilling nedom huset ved fjorden.
Elstemann til Olaug, Håvard kom frå Oslo med veninna si Miriam og to psykisk utviklingshemma for å feriere nede ved sjøen i sommarhuset. Seinare kom besteforeldra til Håvard og Marie og ned til ei kjekk stund.


Sol og sommar i Stongfjorden

Peter med sin første makrel for året

Ingen kommentarer: