søndag 24. juni 2007

Kraftlinjer i himmelsjå


Ein stille onsdagsmorgon i Stongfjorden

Ut frå Alt 2 for den nye kraftlinja til Lutelandet vil deler av denne kome i himmelsjå på dette bildet frå Stongfjorden, teke onsdagsmorgonen. Den passerer mellom Størdalsstauren og Fanafjellet frå sørvest - ned Gjerdedalen aust for Dyrekula, austover til Stongsstølen og inn i Oslandsbotnen, før den føl Nordalen til Markavatnet. Som vi veit vi som er kjende, er det verhardt her oppe og dimmensjonane på master o.a. må visst vere ekstra store for å tole denne påkjenninga - iflg. forslag til konsekvensutgreiing.

(Kva med hjortejakta Arnljot, Arild, Grunde, Pål og Gisle - 30 meter ryddegater ved stølen og i Gjerda, anleggsvegar og leike, ja, og ikkje å forgløyme vedlikehaldet og då...)?
Ved dette alt. ynskjer dei dessutan skogsveg opp på fjellplatået gjennom Mannsskaret i venstre bildekant - der eg har DNT-merka løypa frå Stongfjorden mot Nipebu. . . !!
Blir vel noko liknande som opp på Botnastølen kan eg tenkje meg....
(Eg blir så eitrande forbanna at eg lyt ta meg sjølv eit godt tak i nakken)!

Det er elles so utkrope at ved dette alt. er det lettare å kople seg på med krafta frå ein eventuell vindmøllepark på Staveneset - nesten rett over hovudet på meg.
Planane her vil dei truleg sende melding på denne sommaren!
(Frå eit tidlegare innlegg i avisa veit vel dei fleste kva eg meiner om dette).

Og her må det til nok ei ny stor kraftlinje i turterrenget ved Toreheia, Krækavatnet (forbi hytta di Lasse?), Indrevågefjellet, Skylefjellet, Blåfjellet, forbi Grimlia og ut på Høgeheia og Staveneset. Det blir nok ein full pakke - no på nordsida av Stongfjorden! Eller kanskje dei då vel kabel over fjorden og ny kraftlinjegate opp Størdalen for å koble seg på ved Størdalstauren?

(Då har kraftbransjen greidd å perforere Stongfjorden i alle himmelretningar med utbyggingane sine....)
For den noverande 22kv trasèen kan dei sjølvsagt ikkje bruke, for den går 10 m nedom huset mitt og ut fjorden - og sjøkabel er jo så kostbart så.... Eg har dessutan ein 7-åring i huset, og strålinga og leukemifaren er t.o.m NVE oppteken av no!

(At eg har levert inn MPen min i HV er ein tabbe...ser ut til at det blir lite søvn framover)!

Men tilbake til alternativ 2 til Lutelandet! Den tilseier at vi på nordsida av Stongfjorden kan sitte heime i sofaen og studere utviklinga til kraftlinja i himmelsjå i sør jmfr. bilde...! Tru om tyskarane set pris på den...

Dette er sjølvsagt totalt uakseptabelt - i likskap med alternativ 1 med dei 4 under-variantar, som går over fjellet lenger aust ved Nipebu og vestover gjennom bebyggelse i Askvoll.

Nei, her er det kun sjøkabel som kan forsvarast....Alternativa SFE og Sunnfjord Energi har kome opp med inne på skrivebordet i Førde med linjala si, er som å velje mellom pest og kolera! Dei kan aldri aksepterast nokon av dei - eg er for glad i HEILE området til det!

For i det heile tatt å kome til forhandlingsbordet må det difor vere ei viktig prinsipp at ein ikkje byggjer nye trasear i nytt terreng! Linjene går jo på kryss og tvers allereie i dag!

Får vi arbeidsplassar av svært miljøfientlege kraftlinjer til Lutelandet? (Eg kjøper ikkje argumentet om at vi sparer CO2 utslepp i Nordsjøen, når vi ser miljøkonsekvensane på land. Då får den sprekkferdige lommeboka dei har der ute opnast og få lagt herlegheita i kabel)!

Er det utvikling å øydeleggje siste rest av urørt natur?
For meg virkar det heile svært forhasta - løpegutar for oljeindustrien!

Eg er framleis i krigs - modus med delvis øydelagt helg....

Hugs møtet i Holmedal 2.juli kl 19 i samfunnshuset (neste mandag)

Ingen kommentarer: