lørdag 5. mai 2007

Vardenova til frukost - Smørkletten til kvelds


Olaug og Marie på Vardenova 5/5 kl 1215

Vi kom oss no endeleg av garde i dag på Vardenova. Eg var tenkt å gå ut att heile løypa til Stongfjorden, men fann ut at tida ikkje tillot det etter at m.a Olaug skulle til frisøren kl 09.00.
Avgang vart difor ikkje før kl 1030 heim i frå - langt på dag...
Kompisen til Peter- Markus frå Bergen- var komen på helgatur. Det vart difor til at Peter vart med han og vi for på Vardenova. Vi vurderte i utgangspunktet å ta med begge to, men heldigvis vart dette ikkje noko av...for det er bratt og snø på Vardenova endå...!

Eg har ikkje gått opp frå Svædalen til Vardenova før...Dette er på nord og vest sida av fjellet. I vinter gjekk eg gjennom Porten på ski. Her er det lettare og mindre bratt. I tillegg får sola tak i snøen her. Frå Rivedal og sørsida har eg gått fleire gonger. Det var bratt opp frå Svædalsvatnet, men faktisk ganske god sti. Eit par plassar var det litt kinkig for Olaug då ho ikkje likar at det er for bratt og her var det i tillegg snø, man ganske blaut...Så det gjekk egentleg veldig greitt opp.
Flott utsikt og ingen vind gjorde til at vi vart sittande ei stund på toppen å nyte sola og utsikta.
Turen ned igjen gjekk same ruta utan nokon problem.

Seinare på dagen i dag - etter grauten - køyrde eg ned til Askvoll og tok Smørkletten i joggesko og minimalt med klede.
Sidan vi skal i konfirmasjon i morgon og det kjem regnveir var det like godt "å ta han heilt ut"....:-)

Vardenova, Smørkletten o.a. 5. Mai

Ingen kommentarer: