onsdag 9. mai 2007

Utan blygsel og baklengs inn i framtida!


To (!)smågater ved Markavatnet til Fossedalen (forstørr)

Kraftbransjen;s kåtskap synest ingen ende å ta...No er det snakk om ei ny 132 kV linje frå Grov i Florø til Lutelandet og vidare til Gjøafeltet. Lutelandet vil og få ei linje frå Hålandsfossen i Dale og såleis få ein ynskt dobbeltmating. SFE Nett vil sende forhandsmelding til NVE i månadskifte mai - juni.
Eit av linjevala som blir sett på er frå Nedre Markavatn og over Langevassheia ved Nipebu. Dette er sjølvsagt totalt uakseptabelt ut frå ein naturvern-ståstad.
Den nye linja må sjølvsagt følgje eksisterande linjer eller aller helst leggjast i fjorden ned til Lutelandet (går det an å finne betre eigna område for å få realisert ein sjøkabel enn frå Florø til Lutelandet?)

Så her er det berre å brette opp skjorta og jobbe for alle naturkvalitetane her ute. Vi kan aldri tillate ei ny linje over fjellet på Askvollhalvøya - eit område som allereie er bombadert av kraftbransjen!



Utsikt gjennom 66kV småmaster til Fossedalshengenipa ved Krokavatnet

1 kommentar:

Kari Vevatne sa...

Hei :-)
ja det er galskap - frå ende til annan..
D artig å lese om turane dine - sjekk denne linken http://www.toppomania.info/toppliste.php?liste=askvoll
Lukke til vidare!