torsdag 3. mai 2007

Stifinnaren


Nordkanten av Markahengenipa 3/5 kl 1815

Eg duppa av i tørre lyngen oppe ved Markavatnet i stad då eg måtte vente på Agnar. Trur ikkje eg skal rippe opp i grunnen til dette...Men det gjorde no godt likevel rett etter arbeid. Vi gjekk opp den vanlege ruta til brua oppe i ura under Krokavatnet. Deretter opp stigninga mot vest og opp til der eg måtte gjere vendereis i vinter fordi eg ikkje kom meg opp over den store forkastninga. Det viste seg at snøskavlen i skåra som eg tenkte på låg her endå og det var umogeleg å komme opp. Vi prøvde difor lenger framme på nordkanten, og fann nokre bratte skårar og kløfter i nesten loddrette svaberg vi måtte klatre for å komme over. (Her var eg i ferd med å passere min "limit"...og eg anbefalar ikkje å gå så langt nord i starten opp på sjølve topplatået....utan tau!!)

Vi kom oss såleis over og forbi første forkastninga heilt på nordkanten av nipa. Men det var stadig problem med å komme seg forbi fleire forkastningar og tjenn vidare oppover heilt her framme på nordkanten.

Så hamna vi bort i nokre vardar som viste seg å gå mot toppen. Desse følgde vi greitt heilt opp. Denne vegen er nok ikkje særleg egneleg om vinteren vil eg tru, då her er både bratt og nordvendt.

No har vi nok funne snaraste ruta opp - iallefall når her er snøfritt...Beste vegen blir då å følgje heile den lange aust/vest forkastninga oppover og kanten på siste nordryggen opp. Vi har sett opp nokre vardar her som vil bli utbetra etterkvart. Du tek av frå løypa ved brua og går skrått opp og sørover mot Fossedalshengenipa før du tek beint vest på ryggen.

Uansett - her er eit rotete terreng og det er ikkje så veldig mykje å spare på å gå opp på framsida mot å ta heile platået nordover frå under Fossedalshengenipa...Iallefall hvis du vil ha ein meir behageleg tur.....

Markahengenipa 3/5

På veg til jobb 3/5

Ingen kommentarer: