fredag 11. mai 2007

Isande nordavind på Vardenova


Vardenova 11.mai kl 18.00

Sjølv om sola skein det beste ho vann, var det eit styggkaldt nordadrag på Vardenova i kveld. Eg var jammen glad eg hadde med jakke og hue! I vinter har eg gått med ei ganske tjukk Devold undertrøye av meranoull med høg hals utanpå ei tynnare. Dette har stort sett vore nok når eg har hatt vindtett jakke utpå (men sjølvsagt lyt ein ha meir utstyr i sekken om vinteren i reserve - ofte dobbelt opp av alt og iallefall minst ei ekstra hue). Devold-trøya var god å ha i dag og, men jakka måtte til likevel. Det viktigaste er likevel hua - det er utruleg kor fort ein blir kald i skallen når ein har sveitta godt oppover og får vinden på seg når ein set seg ned!

Turen opp og ned gjekk elles heilt greitt. Snøen minkar godt i dei nordvende hellingane no. I dag var både steinskvetten og tårnfalken og komen på plass ovanfor Svædalsvatnet. Ved toppane er det likevel framleis haustfargar på gras og annan vegetasjon.

I morgon blir det kanskje Førde-tur igjen. Har lagt av nye fjellsko på Førde Sport som eg vil ta ein test til av, før eg bestemmer meg. Vart godt skuffa over at dei har slutta å forhandle La Sportiva, fjellsko-merket som eg har vore så nøgd med(som no har halvstørrelsar i nr og). La Sportiva har ikkje lenger forhandlar i Førde. Men vi får sjå om ikkje Scarpa gjer susen og...det viktigaste er at dei passar godt på foten.
Førde Sport har 20% rabatt på fjellutstyr for DNT medlemmer, så her er litt å hente på å handle her...
I tillegg til sko skal eg ha meg ei ny skikkeleg 3 lags Bergans jakke! Såg i siste Fjell og Vidde ein ny modell som heiter Rask - denne er sjølvsagt vind og vasstett, i tillegg til pustande og sømlaus. Interessant! Pengar til dette fekk eg jo til 50-års dagen, så dei er eg vel forplikta til å bruke på dette....

Vardenova 11. mai

Ingen kommentarer: