tirsdag 1. mai 2007

Familieturar 1. Mai


Idyll frå Markahengenipa 1. Mai kl 12.30

Del 1

Vi hadde ein flott familietur til Markahengenipa i dag frå Markavatnet. Det var første turen til Olaug, så no veit ho ein av veiene opp og kan gå åleine. Peter klauv opp som ingenting. Eg prøver å få han til å forstå at han ikkje skal springe (intervalltrening er hardt!), men heller finne eit jamnt tempo. Dette er visst ikkje så lett å skjøne, for det går ofte i rykk å napp, spesielt ned...og då er det berre å hive seg etter!

Det er no artig for 7-åringen å få skrive seg inn i tur-bøkene tilliks med oss vaksne (han manglar no berre Vardenova eller så har han vore heile runda + 6 gonger på Blåfjellet). Den skal vi ta ilag snarast når snøen er vekke her på nordsia (eg har vore to gonger på ski...)

Elles får vi sjå om Olaug og eg kan gå på Kaldrasnipene frå Eidsfjorden no i kveld. Det blir ein topp solnedgong her på vestsida!

Familietur til Markahengenipa 1.mai


Del 2


Utsikt under Kalderasnipene 1. Mai kl 17.15

Då tok madamen og eg Kalderasnipene og!! Istadenfor kveldstur med solnedgong, gjekk vi nesten med det same Marie og Ida kom igjen frå Blåfjellet og kunne passe Peter (dei er visst stad og filmar video og film borte hos Ida).

Det er første gongen eg har gått opp frå Eidsfjorden. Det er ganske så bratt opp igjennom. Du skal vere bra motivert, før du går laus på bakkane der nede:-) Vel, det vart eit bra race og som de ser av bilda så ser vi stort sett berre ræva av Olaug....Det fortel vel sitt - ho er i god form den dama no!

Flott tur i vårlege terreng, sjølv om det er ganske tørt og vissent oppe mot toppane. (Eg gjekk opp i joggesko no...). Det er lite mat på fjellbeite endå!
Men det var utruleg å sjå på Markahengenipa, der eg gjekk forrige lørdag med snø opp under knea...- der var det ingen ting igjen...og vatnet eg gjekk isen over på då, der var det no fullstendig isfritt!
Det er vel slikt ein kallar for vårløysing...Snøen som fell i april har jammen kort lengde....

Kalderasnipene til kvelds 1.mai

Ingen kommentarer: